Sjølv om flyalarmen støtt kan høyrast i den ukrainske hovudstaden Kyiv, er Mykhailo (32) ein av dei som er ute i byen. Han og Kate (32) og sonen Eugene (4) har budd ikkje langt frå sentrum av Kyiv dei tre siste åra.
Han er opphavleg frå Lviv og er ein av to eigarar i eit selskap som produserer peanøttsmør og kjeks, det største peanøttsmørselskapet i Ukraina.
Ho er frå Rivne og har eit selskap som produserer pysjamasar og andre tekstilprodukt.
– Me kunne reist kvar me ville den første dagen, til Storbritannia, eller til USA, men me bestemte oss for å bli igjen, seier Mykhailo.
Leverer varer
Mykhailo har to bilar og har slått seg saman med andre slik at dei kan få levert mat, vatn og medisinar til dei som måtte trenge det. Til eldre, til ungar og mødrer.
Han har også køyrt personar dit dei vil.
– I går køyrde eg ein familie på fire frå Krutykhyna til jernbanestasjonen i Kyiv. Dei bestemte seg for å reise til Uzhhorod, for å så prøve å reise til Portugal eller eit anna europeisk land, seier Mykhailo.
Tysdag 1. mars sender han bilete han har tatt frå bilen sin medan han køyrer medisinar og matvarer.
Hyllene i butikkane han er innom er så å seie tomme.
Natt til sundag høyrde han også angrep på nært hald.
– Skremmande
I to dagar har Mykhailo leita etter insulin for å levere det til bestemora til ei han kjenner. Tysdag vart han ringt opp. Det var nokon som hadde insulin på den andre sida av byen.
Dei køyrde dit, og skulle så til den andre sida av byen igjen for å levere varene.
– Det var den skumlaste dagen i livet mitt, fordi me leverte varene og så starta det eit angrep, seier Mykhailo.
Dei snudde og køyrde til eit område dei ikkje var kjent i. Då vart dei stoppa av nokon væpna personar som ville vite kven dei var. Ein halvtime brukte dei på å forklare at dei var gode folk.
Han seier situasjonen han er i er skremmande.
– Men, no er det ikkje like skremmande som det var første dagen. Den dagen gav meg gråe hår.
Han held fram med å køyre varer, trass alle hindringar han møter.
Krigar med laptop
Julia (28) er også i Kyiv har opphalde seg i bomberommet store deler av tida dei siste dagane.
Sundag kunne ho rapportere at ho hadde vore 24 timar i bomberommet:
SAMAN: Julia er store deler av tida i bomberommet saman med andre som søker dekning.
Foto: Julia / PrivatHeilt til eg ikkje hadde batteri på laptopane var eg med på cyberkrigføring for å støtte hæren vår. Folket er så foreint som mogleg.»
I bomberommet jobbar ho med å dele informasjon, og medan ho er heime koplar ho seg opp til det ukrainske IT-nettverket i kampen mot angriparar.
Ho skreiv nok ei tekstmelding måndag morgon:
MED KATTEN: Julia har hatt med den halvt år gamle katten sin, Prometheus, med i bomberommet.
Foto: Privat«Hæren vår har stått imot mesteparten av angrepa, og me har fått lov til å forlate bomberomma. Til og med nokre butikkar er opne slik at folk kan kjøpe mat. Eg kom heim, putta utstyr på lading, og no skal eg spørje på eit kontrollpunkt om kva eg kan hjelpe til med.»
Etter å spurt kva hæren trengde, stilte ho seg i kø til ein butikk for å skaffe mat, sigarettar og våtserviettar.
Ho informerte alle i den lange køen om kva hæren hadde bedt om.
OPENT: Det var lange køar inn til dei opne butikkane i Kyiv måndag.
Foto: Julia / PrivatFlyalarmar heile tida
Tida ute av bomberommet varte ikkje lenge.
Det beste med måndagen sa ho var at ho fekk tatt seg ein dusj og fekk vaska håret.
– Du kan ikkje forstå kor fantastisk kjensla var etter fem dagar i ein kjellar, skreiv Julia.
Men, rundt klokka ti på elleve ukrainsk tid, gjekk flyalarmen igjen.
Julia måtte igjen ned i kjellaren.
Sjå dette klippet med lyd.
I bomberommet måtte Julia berre vente, og gjere det ho kunne med laptopane sine.
ALARM: Dei raude punkta viser flyalarm som blir starta, dei grøne når flyalarmen blir kansellert.
Foto: Julia / SkjermdumpImens gjekk alarmane klokka 13:11, 18:41, 18:57, 19:06, og 19:43.
Natt til tysdag gjekk flyalarmen klokka 02:28, 07:00, 08:53, og 09:29.
Tysdag fekk Julia igjen kome seg heim igjen til leilegheita på dagen, men om kvelde sende ho melding om at ho høyrde rakettane, at det var nærme ho.
Kharkiv under angrep
Tysdag morgon vart Kharkiv igjen angripe. Andrii (29) og kjærasten Mariia (30) som bur bydelen Novyie Doma flykta tysdag i bil.
FLUKT: Hunden fekk sitte på fanget til ein av dei fire som køyrde vekk frå Kharkiv og vestover i Ukraina.
Foto: Mariia / PrivatDei plukka opp to venner i byen Poltava. Med i bilen var to kattar og ein hund.
– Me er i sjokk. Dei venta til alle var ute på gatene og så starta dei bombinga, skreiv Mariia som er kjærast med Andrii i ei melding.
Dei fire personane køyrde vestover.
Så lenge dei er i Ukraina ynskjer dei å ikkje dele bilete av ansiktet sitt.
– Eg vil ikkje reise
Eit anna par, Oleksandr (30) og Mariia (29), bur i Saltovka nord i Kharkiv, nært grensa til Russland. Dei to som jobbar med arkitektur opplevde laurdag kveld at nabobygget deira vart treft. Det var også tydelege teikn på angrep i nabolaget.
Fleire rakettar vår å sjå nord i Kharkiv 27. februar.
Etter angrep i Kharkiv.
Fleire rakettar.
Måndag kveld kunne dei fortelje at over grensa var det russisk militære. Dei to hadde fluktbagen pakka i gangen. Vindaugo hadde dei teipa over med svart teip for å ikkje sleppe ut lys.
FLUKTBAG: Bag med mat og drikke og liggeunderlag står klar i gangen hjå Oleksandr og Mariia.
Foto: Mariia / PrivatDei to var trøytte fordi dei ikkje klarer å sove skikkeleg. Dei høyrde stadig etter lydar rundt seg. Etter ei stund har dei lært seg å høyre om eit angrep er langt vekke eller om det er nærme. Det var ikkje like lett første dagen med angrep.
Oleksandr sa han ikkje ville forlate byen.
– Det er heimen min, eg vil ikkje reise, sa han.
Medan tida går prøver dei å jobbe, snakkar med venene sine og foreldra sine.
– Me prøver å sove fordi me ikkje klarer å sove om natta, sa Mariia.
Tysdag morgon høyrde skot i nærleiken av der dei bur, og dei to kom seg til eit bomberom. Der var dei rundt 20 personar saman, også fem barn.
Rundt klokka 12:00 tysdag var det stille, dei to var tilbake i leilegheita. Dei hadde litt tid der dei ikkje trengde å gøyme seg.
Reiste frå mannen
Veronika (24) som vanlegvis jobbar i eit forlag, forlét Kharkiv måndag. Dette fordi foreldra hennar, slektningar, og mannen hennar bad ho om å gjere det.
REISTE: Veronika reiste til foreldra sine. Her er då ho var på jernbanestasjonen. Ho venta der i 12 timar.
Foto: Veronika / PrivatNo er ho hjå foreldra sine som bur i Vinnytsia, sørvest i landet.
– Her ser eg ikkje like mykje av det eg såg i Kharkiv, seier ho.
Ho fortel den 25. februar var på butikken og handla varer. Då mannen hennar, Taras (22), hjelpte ho med bereposane fekk dei oppleve krigen på kloss hald.
– Eg høyrde ein forferdeleg lyd, eg trur det var missilar. Då forstod eg kva folk meiner med at dei frys til i slike augneblink.
– Lyden vart høgare og kom nærmare, mannen min heiv vekk posane med maten, tok handa mi, eg var kvelt av frykt, og me byrja å springe. Det var glatt. I den augneblinken sprang eg som i ein skrekkfilm. Eg sprang og eg såg heile livet mitt i revy.
Mannen hennar fekk dei inn i ein butikk, og ho kasta seg ned på golvet. Faren hennar ringde, og ho kviskra at ho var redd og at ho ikkje ville døy.
Sov på gangen
Då Veronika og Taras kom heim ordna dei ei seng i gangen til ein ven.
– Eg sov ikkje om natta dei neste tre nettene, seier Veronika.
Måndag kom Veronika seg til jernbanestasjonen og venta i 12 timar før ho kom seg på eit tog. Der seier ho at ho høyrde rakettar, klasebomber, artilleri heile tida.
FLUKT: Veronika tok med katten sin då ho reiste frå kjærasten og til foreldra sine.
Foto: Veronika / PrivatEtter 14 timar på eit fullstappa tog er ho no hos foreldra.
Mannen hennar blei igjen i Kharkiv for å hjelpe til med mellom anna å lage molotovcocktailar.
– Han sa til meg at han er ein mann, og at han bør beskytte landet vårt. Han vil bli der til Ukraina er eit fritt land, seier Veronika.
– Eg føler meg forferdeleg. Eg tenker på han heile tida, eg tenker på venene mine i Kharkiv, kollegaene mine, familien min i Kyiv. Eg tenker på dei heile tida og ber for dei.
HØYR SAK OM MYKHAILO OG VERONIKA: