Hopp til innhold

Andrii og naboane vil stoppe russarane med molotovcocktailar

Bruene er der ikkje meir, og no blir det innført portforbod. Unge fast i Kyiv gjer det beste ut av situasjonen.

Molotovcocktail Ukraina

KLARE: Andrii og naboane har førebudd molotovcocktailar.

Foto: Privat

– Me laga molotovcocktailar, så viss russiske køyretøy kjem, kan desse kome til nytte, så me møter dei med eld, seier Andrii (39).

Han jobbar som IT-spesialist og er laurdag i leilegheita si i Kyiv. Den ligg rundt ti minutt frå jernbanestasjonen i byen. Han vakna torsdag morgon rundt klokka fem av eksplosjonar. Klokka sju ringde broren hans og sa at det var russarane som invaderte.

– Det var eit sjokk, seier Andrii.

Laurdag ettermiddag seier kontoret til ordføraren i Kyiv at det blir innført portforbod frå laurdag klokka 17 fram til måndag klokka 8.

NRK har snakka med tre unge ukrainarar i Kyiv som no saman med 3 millionar andre menneske må halde seg inne.

Les også Oberstløytnant: – Det blir en lang og blodig kamp

Ukrainske soldater samler udetonerte granater etter en kamp russiske soldater i hovedstaden Kyiv morgenen 26. februar.

Gjer det han kan

Rundt klokka tre torsdagen høyrde Andrii den første flyalarmen.

– Eg bestemte meg for å ikkje forlate Kyiv, for eg støttar hæren og håper me kan overleve dette angrepet, seier Andrii, og legg til at det også var særs vanskeleg å forlate byen fordi det var lange bilkøar ut av byen.

Fredag gjekk flyalarmen annankvar time. Han måtte oppsøke bomberommet i bygninga han bur i fleire gonger. Han høyrde lydar av skyting frå gata fredag natt.

Laurdag seier han det er merkeleg stille. Flyalarmen har berre gått av ein gong. Han har ikkje blitt med i hæren, men saman med nokre naboar har han laga molotovcocktailar.

– Dei starta å lage dei i går kveld, og eg vart med i dag.

Han har også sjekka om det er merker med sjølvlysande måling på eller rundt bygningen han bur i.

Politisjefen i Lviv, vest i Ukraina, seier til NRK at han er uroa over fluoriserande måling som er spraya på fortau og lyktestolpar, og ber folk om å dekke til med jord. Det er truleg for å merke mål.

Andrii seier han har blitt van med lyden av krig.

– Men, når det er rett ved sidan av huset hans er det skikkeleg skummelt.

Med katten i bomberommet

– Høyrde du det? Det var eit angrep, kanskje 30 kilometer herifrå, seier Julia (28) laurdag ettermiddag.

Julia i Kyiv med katten sin

MED KATTEN: Julia (28) har med seg katten ute i Kyiv.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

MED KATTEN: Julia (28) har med seg katten ute i Kyiv.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ho er vest i Kyiv og høyrer lydar medan ho står ute på gata. Ho har ikkje sove meir enn to timar dei siste tre nettene. Ho jobbar i flybransjen, og for tre dagar sidan hadde ho planar om å reise til Mexico. Ho vakna klokka fem av eit angrep, og kunne ikkje tru det som skjedde.

– Det er som ein fæl draum.

Natt til laurdag var ho og den halvt år gamle katten hennar, Prometheus, i eit bomberom. Ho vart halden vaken av russiske rakettangrep heile natta.

Julia (28) i bomberom med katten Prometheus

I SKJUL: Julia (28) fekk med seg katten Prometheus i bomberommet natt til laurdag.

Foto: Privat

To av bruene der Julia bur er no øydelagde, og ho kjem seg ikkje vekk. Dersom ho høyrer flyalarm igjen vil ho tilbake til bomberommet igjen, saman med katten ho fann på gata for to månader sidan.

– Hadde det ikkje vore for katten, hadde eg blitt med i hæren. No er eg ikkje redd for å døy, eg er redd for å bu i eit land utan fridom.

– Eg er redd

Laurdag morgon åtvara lokale styresmakter i Kyiv befolkninga om at det gjekk føre seg gatekampar mot russiske soldatar.

Folk blei oppmoda til å nytte seg av tilfluktsrom og å unngå å vere nær vindauge eller ute på balkongar.

Viktoriia (31) har halde seg på badet mesteparten av tida dei siste dagane. Ho torer ikkje vere på kjøkenet, for der er det vindauge. Ho bur åleine, saman med katten sin Jules, og sidan ho ikkje har bil blei ho verande i Kyiv.

Ho ville ikkje risikere noko når faren hennar eventuelt måtte ha køyrd i seks-sju timar for å hente ho. Ho sa foreldra skulle bli der dei var.

No kjem ho seg ikkje ut av byen.

– Alle naboane i etasjen reiste 24. februar, så eg er veldig åleine.

Viktoriia med katten sin

REDD: Både Viktoriia og katten Jules er heime i leilegheita i Kyiv. Viktoriia seier ho merkar at katten er redd.

Foto: Privat

Ho har eit bomberom tre minuttar gonge frå heimen som ho kan nytte om ho må, men foreløpig held ho seg på badet som ikkje har vindauge. Ho er nervøs og har sjekka kor mykje mat ho har i heimen, og lurer på kor lenge ho klarar seg på dette.

Sjølv om krigen ikkje er akkurat der ho er no, så seier ho at ho er redd. Når ho først får sove, søv ho med kleda på.

– Eg er redd for kva som skjer i morgon, eg er redd for kvar natt, for kvar dag. Eg er ikkje berre redd for meg sjølv. Eg har foreldre, eg har slektningar, og eg har nære vener.

Viktoriia søv på badet sitt i Kyiv, for der føler ho seg tryggare.

SENGA: Viktoriia har flytta dyne og pute inn på badet. Det er det rommet i leilegheita ho føler ho seg tryggast i.

Foto: Privat

SISTE NYTT

Siste nytt