Hopp til innhold

Det kvite hus skal ha visst om Taliban-rapport i 2019

Leiande embetsmenn i Det kvite hus skal allereie i fjor ha visst om rapportane som fortalde at Russland tilbydde løn til Taliban for å drepe amerikanske soldatar.

IVAQZaIhohE

NEKTAR: Donald Tump avviser at han vart orientert om russisk støtte til Taliban i Afghanistan, fordi etterretninga visstnok ikkje såg på det som truverdig

Foto: Susan Walsh / AP

Tidleg i 2019 skal leiande embetsmennene ha fått kjennskap til etterretningsrapporten som fortel at Russland skal ha tilbydd løn til Taliban. Det er eitt år tidlegare enn det som tidlegare er opplyst om, seier offisielle kjelder med kunnskap om saka til nyheitsbyrået AP.

Opplysninga om Russland sine hemmelege utbetalingar til Taliban-krigarar for angrep mot amerikanarar, skal ha vore del av minst éi av president Donald Trump sine skriftlege daglege etterretningsorienteringar, ifølgje kjeldene. Dåverande nasjonal tryggingsrådgivar John Bolton fortalde òg kollegaer at han hadde orientert Trump om det i mars 2019.

XN2hdDLz4Qg

SEIER HAN INFORMERTE OM SAKA: John Bolton, Trump sin tidlegare nasjonale tryggingsrådgivar under eit pressemøte i det ovale kontor i 2019.

Foto: Alex Brandon / AP

Trump avviser at han vart orientert om russisk støtte til Taliban i Afghanistan, fordi etterretninga visstnok ikkje såg på det som truverdig – ei forklaring Det kvite hus held fast ved. Det er likevel sjeldan at etterretningsopplysningar som blir sett på som tvilsame, vert presenterte for leiande embetsmenn.

Også tidleg i år skal saka ha vore tema i ei av dei daglege orienteringane til presidenten, og vorte diskutert mellom nasjonal tryggingsrådgivar Robert O'Brien og Trump. O'Brien nektar for det.

Ifølgje New York Times var det USA sin etterretning som hadde konkludert med at den russiske militære etterretninga GRU tilbydde løn til Taliban-krigarar for å drepe amerikanske soldatar i Afghanistan.

USA sin nye etterretningssjef John Ratcliffe nekta òg seint søndag for at Trump eller Pence hadde blitt orienterte, men han sa ingenting om sjølve rapporten.

Både Taliban og Russland har avvist rapporten overfor New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt