Det offisielle talet på omkomne etter jordskjelvet i Pakistan har kome opp i 38.000. 62.000 menneske er skadde, og 3,3 millionar menneske har mist heimane sine, opplyste innanriksminister Aftad Sherpao i dag tidleg.
Situasjonen er desperat for mange av dei overlevande. (Foto: AFP/Scanpix)
Kaotisk
Det er kaotiske tilstandar i dei jordskjelvramma områda i Pakistan, kan NRK-medarbeidar Mah-Rukh-Ali fortelje frå provinshovudstaden Muzzaffarabad i pakistansk Kashmir.
Ho kan fortelje om hjarteskjerande scener når det kjem lastebilar med naudhjelp til byen. Folk flokkar seg rundt bilane, og det oppstår ein kamp mellom dei trengande om hjelpesendingane.
Det er ikkje alltid det er dei som treng hjelpa mest som vinn, det er dei sterkaste, dei som greier å dytte dei andre bort. Soldatar prøver å halde orden på køa, men må gi opp. Mange er desperate av svolt og sorg.
Enormt behov
Det kjem store mengder naudhjelp inn i området no, mat, telt, vatn, ulltepper og medisin. Men behovet er enormt, og det er framleis stader som ikkje har fått hjelp.
Ei veke etter jordskjelvet er det avidesliggjande landsbyar hjelpemannskapa ikkje har greidd å kome fram til. Ingen veit kor mange som er døde og kor mange som kan ha overlevd her.
Det er såleis grunn til å tru at talet på omkomne etter skjelvet vil stige i tida framover. Det er alt klart at dette er den verste naturkatastrofen som nokon gong har ramma Pakistan.
Desperate menneske står i kø for å få hjelp. Ikkje alle når fram. (Foto. AFP/Scanpix)
Dårleg ver
I tillegg til alt anna er veret også eit problem. I dag tidleg måtte helikopterflygingane med naudhjelp til dei jordskjelvramma områda i Pakistan igjen innstillast på grunn av kraftig regn.
Det er varsla meir regn utover dagen og kvelden, så det er uklart når helikoptera kan ta av igjen. Helikopter er einaste måten å nå dei mest isolerte jordskjelvramma områda.
Infeksjonar
Det er stor frykt for at mange av dei skadde etter jordskjelvet skal miste livet, fordi det er vanskeleg å få fram hjelp til dei mest isolerte landsbyane.
Den britiske legen Sean Keogh har gått til fots i dei mest iutilgjengelege områda som er ramma dei siste tre dagane, og han fryktar at fleire tusen skadde skal misse livet dei nærmaste dagane om hjelpa ikkje kjem fram.
- Mange vil dø som følgje av infeksjonar. Vi ser alt dei første teikna til koldbrann, seier han til AFP.
(NRK-AFP-Reuters-NTB)
Ein lastebil har kome fram med naudhjelp, men det er behovet er enormt. (Foto: AFP/Scanpix)