Hopp til innhold

Den palestinske aktivisten Ahed Tamimi er sett fri

Ahed Tamimi (22) er ein av dei mest høgprofilerte palestinarane som har sete fengsla i Israel. I natt blei ho sloppe fri i ein gisselutveksling mellom Israel og Hamas.

Ahed Tamimi.

«LØVINNA»: Tamimi har blitt eit kjent symbol for den palestinske motstandsrørsla etter at ho blei fengsla i 2017.

Foto: Jaafar ASHTIYEH / AFP

Ansiktet hennar er måla på muren som skil Israel og den okkuperte Vestbreidda i Betlehem.

Tamimi har ytt motstand mot dei israelske styrkane på hennar side av gjerdet sidan ho var eit lite barn.

Ho blei arrestert i eit raid 6. november, og har sete inne i nesten tre veker utan tilgang på rettsleg bistand, fortel advokaten hennar til New York Times.

Ahed Tamimi er tiltalt for å ha slått og sparket en israelsk soldat. Hun ble pågrepet etter at videoen gikk viralt på facebook. Det er moren Nariman Tamimi som har filmet hendelsen.

Det er mora Nariman Tamimi som filma samanstøyten som gjekk viralt i 2017.

Sidan våpenkvila mellom Israel og Hamas starta fredag, har det vore ei rekke utvekslingar av palestinske fangar og israelske gislar.

Natt til torsdag var Tamimi ein av 30 palestinske fangar frå israelske fengsel som blei sloppe fri. I bytte slapp Hamas fri 16 israelske gislar.

Våpenkvila, som inneber ein avtale om fangeutvekslingar, er inne i sin sjuande dag.

Ahed Tamimi og tanta held hender. Presse står rundt dei.

Ahed Tamimi og mora Nariman Tamimi i Ramallah på den okkuperte Vestbreidda tidleg torsdag morgon.

Foto: John MACDOUGALL / AFP

«Løvinna»

Tamimi har fått tilnamnet «løvinna», etter demonstrasjonar og fleire samanstøytar med den israelske okkupasjonsmakta på Vestbreidda.

Som 14-åring beit ho ein soldat i det israelske forsvaret i handa medan han prøvde å arrestere bror hennar.

Som 16-åring gav ho øyrefik til ein soldat under ein demonstrasjon, og blei fengsla i eit halvt år.

-

Her blir Tamimi (andre frå venstre) og familien hennar nekta tilgang til heimen sin då Halamish-busetnaden blei utvida i 2012.

Foto: ABBAS MOMANI / AFP

Ho har seinare sagt at soldatane hadde skote søskenbarnet hennar i hovudet like før mor hennar filma hendinga.

Etter at ho blei fri i 2018, har ho skrive ein sjølvbiografi og reist rundt i Europa og Midtausten for å delta på demonstrasjonar.

Men 6. november i år blei ho altså fengsla på nytt. I eit rettsmøte så nyleg som måndag blei det vedteke at ho skulle sitje inne på ubestemt tid.

Israel meiner ho har oppfordra til terrorhandlingar i eit nyleg Instagram-innlegg.

-

Tamimi (venstre) bit ein israelsk soldat medan han prøvar å arrestere bror hennar (nedst).

Foto: ABBAS MOMANI / AFP

Viser til trugslar på sosiale medium

Sidan Hamas-angrepet på Israel 7. oktober, har det israelske forsvaret (IDF) utført ei rekke raid og arresteringar på Vestbreidda.

Dei hevdar formålet er å hindre ytterlegare terrorangrep, men angrepa har også ført til sterke reaksjonar frå humanitære organisasjonar.

-

Mor Nariman Tamimi viser fram eit bilete av dottera Ahed etter fengslinga tidleg 6. november i år.

Foto: JAAFAR ASHTIYEH / AFP

Tamimi blei arrestert under eitt av desse ein knapp månad etter angrepet, etter at innlegget dukka opp på sosiale medium. Der skal det ha stått:

– Vi ventar på dykk i alle byane på Vestbreidda, frå Hebron til Jenin. Vi vil slakte dykk og de vil seie at det Hitler gjorde mot dykk var ein vits.

– Vi kjem til å drikke blodet dykkar og ete hovudskallane dykkar. Kom igjen, vi ventar på dykk.

Familien til Tamimi insisterer, ifølge AP, på at ho ikkje skreiv desse orda. Mor hennar hevdar kontoen blei utsett for eit dataangrep.

Bilde av Ahed Tamimi på separasjonsmuren i Betlehem på Vestbredden.

Eit måleri av Tamimi på separasjonsveggen i Betlehem.

Foto: HAZEM BADER / AFP

Innlegget er ikkje lenger synleg i appen, og kontoen med Tamimi sitt namn og bilete der det blei publisert er fjerna, melder AFP.

Kritisert for fengslingspraksis

Israel sin bruk av såkalla «administrativ varetekt» har blitt kritisert frå mange hald som eit brot på Folkeretten.

Det betyr nemleg at mange personar blir haldne som fangar i Israel utan å ha noko tiltale mot seg, skriv Washington Post.

Israeli military vehicles manoeuvers on a road during a raid in Tubas

Israel har utført fleire raid på Vestbreidda sidan krigen starta. Her er IDF sine militære fartøy inne i Tubas tysdag 28. november.

Foto: RANEEN SAWAFTA / Reuters

Styresmaktene meiner at denne måten å fengsle folk på er førebyggande og nødvendig for å verne om den nasjonale tryggleiken.

Men under Folkeretten er det berre lov å bruke denne typen varetekt i «eksepsjonelle omstende».

Midtausten-ekspert ved Universitetet i Oslo Erling Lorentzen Sogge seier til NRK at minst 3000 palestinarar blir haldne på denne måten av israelske styresmakter, om ein reknar «dei mest konservative teljingane».

-

Mange av palestinarane som i dag sit fengsla i Israel er barn.

Foto: FADEL SENNA / AFP

– Dei avhøyra er ofte veldig hardhendte. Mange blir utsette for vald, tortur og psykisk utpressing.

– Spesielt for unge palestinarar er det ofte truslar om at dei skal ta familiane deira dersom dei ikkje utleverer tala dei vil ha.

Fengslar fleire enn dei slepp fri

Sogge meiner lauslatinga av Tamimi hovudsakleg er symboltungt.

– Tamimi er eit symbol på at palestinarane som bur på Vestbreidda er uregjerlege. At dei nektar å underordne seg Israel sin okkupasjon, er fritalande og ikkje fryktar Israel.

– Slik sett så vil det vere ein symbolsk kostnad for Israel å sleppe ut ein slik fange.

Framleis har ein ingen garanti for at Tamimi eller andre som henne ikkje blir arresterte på nytt om ei veke, sjølv om dei blir lauslatne i ei fange- og gisselutveksling.

Erling Lorentzen Sogge

Erling Lorentzen Sogge er førstelektor ved Midtausten-studiet til UiO.

– No er det også viktig å understreke kor mange palestinarar som faktisk blir arresterte jamleg på Vestbreidda. Dette er langt fleire enn dei som blir slopne ut av israelsk fangenskap.

Når det gjeld Instagram-innlegget som Israel meiner er skrive av Tamimi, vil ikkje Sogge slå fast om teksten er reell eller ikkje.

– Det finst mange Ahed Tamimi-kontoar på Instagram, så det kan vere ei plausibel forklaring. Men IDF er klare på at det er ho som står bak, og at ho då har oppfordra til terror og vald. Vi kan ikkje sjå bort ifrå at det er ho som har skrive det.

– Uansett kva som er sant, er det ikkje så overraskande at IDF held eit nært auge på ein så ung og profilert aktivist.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.