Hopp til innhold

Den italienske sjukepleiaren Michela: – Eg måtte ha profesjonell hjelp

Milano (NRK): Den italienske sjukepleiaren Michela Fellini måtte få psykologhjelp etter å ha jobba med dødssjuke koronapasientar.

Sjukepleiar Italia

Vernemaskene pressar seg inn i huda og etter nokre timar byrjar det å svi. Dette er eit bilde Michela tok etter ein lang arbeidsdag på ei intensivavdeling for koronapasientar midt under den første bølgja i fjor.

Foto: privat

– Dei kan døy så brått. I den eine stunda kan dei snakke med familien på ein iPad, i det neste er dei døde, fortel den italienske sjukepleiaren Michela Fellini.

Vi møter henne utanfor eit av dei største sjukehusa i Milano.

Ho skal snart på kveldsskift, så tida er knapp.

Vi har med oss psykolog Guido Veronese, som over internett har behandla Michela for angst og søvnproblem i nesten eit år.

Det er tydeleg at dei kunne tenke seg å klemme kvarandre, men i frykt for koronasmitte dunkar dei berre olbogane mot kvarandre.

Guido Veronese

Michela er glad for å få hjelp av psykologen Guido Veronese. Psykologen synest det var stas å endeleg få møte ein av pasientane sine andlet til andlet, etter å ha drive med terapi over internett det siste året.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Michela er i slutten av 20-åra, og fortel til NRK at ho var flink i jobben sin som operasjon-sjukepleiar.

Måtte ha profesjonell hjelp

Men ho hadde ingen erfaring med smittsame sjukdomar, og det var ei skremmande oppleving å bli kasta inn på ei overfylt intensivavdeling med dødssjuke koronapasientar.

italia-helsearbeidere

Ein selfie etter ei lang vakt med smittevernutstyr.

Foto: privat

Eg måtte få profesjonell hjelp, eg hadde ikkje klart å kome meg gjennom dette aleine, fortel ho til NRK.

– Eg trengde nokon å snakke med om det eg følte, for eg hadde ikkje sove skikkeleg på fleire månadar. Stressnivået var så høgt at eg ikkje klarte å slappe av når eg hadde fri. Eg brukte mykje tid på å gruble over inntrykka frå jobben.

For psykologen var det kjensleladd å møte pasienten sin andlet til andlet. Han har tidlegare forska på traumatiserte personar i Gaza, mellom anna saman med den norske legen Mads Gilbert.

– Det var veldig intens terapi, og det å møte henne i dag var som å fullføre ein prosess. Vi delte mange sterke historier om styrke og motstandskraft, fortel han til NRK.

Psykologen fortel at Michela ikkje klarte å skilje mellom arbeid og fritid. Ho klarte aldri å «skru av». Saman har dei prøvd å finne teknikkar der ho kan kople av og få kvile.

Milano

Sjukepleiar Michela Fellini oppfordrar alle som slit til å søke profesjonell hjelp.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Sleit med å meistre

Vanlegvis har ein sjukepleiar ansvaret for ein pasient i respirator, men på det meste hadde Michela ansvar for opp til åtte pasientar,

– Det var vi som var siste følge inn i døden. Det var det eg brukte mest krefter på, å respektere kroppen og sjela til dei døde. Det var ei fæl oppleving, fortel ho.

Snart hundretusen italienarar har døydd i pandemien.

Psykolog Veronese fortel til NRK at det er mange helsearbeidarar som slit med angst og depresjon etter å ha arbeidd med koronasjuke pasientar. I Milano-området har minst fem helsearbeidarar teke sitt eige liv.

– Heldigvis kjende eg ingen av dei som tok eit slikt ekstremt val. Det å søke hjelp er verkeleg viktig, fordi vi gjer ein jobb der vi eksponerer oss for mykje vondt.

Sjukepleiaren har likevel ikkje vurdert å finne seg ein annan karriereveg.

– Eg har gjort mitt val, og vil ikkje slutte. Men samtidig så må vi leve med at framtida er usikker, og at det vil kome nye krevjande periodar.

Italia er på veg inn i ei tredje bølgje med koronasmitte.

SISTE NYTT

Siste nytt