Hopp til innhold

Den gløymde flyktningkrisa

I skuggen av flyktningkrisa i Europa finst ei anna enorm flyktningkrise som blir stadig verre. I Afrika er 2,5 millionar menneske på flukt som følgje av Boko Haram sine nådelause herjingar.

Flyktningkrisa i Europa har i det siste fått stor merksemd i mediebiletet, den store straumen av flyktningar frå nordlege delar av Afrika og Midtausten som kjem til Europa i håp om eit tryggare og betre liv.

Men lenger sør, i Sahel-regionen i det sentrale Afrika, har ei anna flyktningkrise nådd enorme dimensjonar.

Islamistgruppa Boko Haram sine valdelege herjingar i områda rundt Tsjadsjøen har sendt 2,5 millionar menneske på flukt i Nigeria, Kamerun, Tsjad og i Niger.

– Trudde det var dommedag

Historiene frå overlevande etter Boko Haram-åtak vitnar om ein systematisk framgangsmåte: Dei kjem om natta, set fyr på landsbyen, plyndrar tomt og tvingar heile samfunn på flukt.

Nigerianske Abiguel (23) måtte i tillegg sjå på at ektemannen vart drepen.

– Me trudde det var dommedag. Dei drap så mange. Me sprang for livet til den kamerunske grensa og kom hit berrføtte og tomhendte, minnast Abiguel (23) som no bur i Minawao flyktningleir i den nordlegaste delen av Kamerun.

Situasjonen for mange av desse menneska er desperat, men hjelpen frå det internasjonale samfunnet uteblir, ifølgje FN sitt kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHR).

Dei humanitære organisasjonane i regionen har ifølgje FN behov for 400 millionar dollar, eller dryge 3,3 milliardar norske kroner, for å redda liv og verna om dei mest sårbare. Så langt har dei fått inn godt under halvparten (41 prosent).

Tsjadsjøen

Blokkerer livsviktige handelsårer

Ved Tsjadsjøen er livet for flyktningane langt ifrå ein dans på roser. Sjøen gir livsgrunnlag til 30 milllionar menneske. Men av årsaker som klimaendringar og bruk til kunstig vatning, har det som ein gong var den fjerde største innsjøen i verda krympa inn til ein femtedel av det den ein gong var.

Regionen er no ein av dei fattigaste på kloden, og Boko Haram har gjort vondt verre.

Islamistgruppa blokkerer sentral infrastruktur og har på den måten redusert handelen i området med 80 prosent. Berre tre av ti bønder har i år klart å frå tak i korn for å så avlingar, opplyser FN.

– Vegen gjennom Abuja til Maiduguri gjennom Kamerun og vidare inn til N`djamena i Tsjad er ikkje berre ein veg, men ei livslinje for millionar av bønder, fiskarar, handelsfolk og familiane deira. Det hastar å få opna denne livslinja igjen, seier den humanitære koordinatoren i Sahel-området, Toby Lanzer under eit FN-møte

2,1 millionar menneske er internt fordrivne i Nigeria, medan 200.000 har søkt tilflukt ved Tsjadsjøen i Kamerun, Tsjad og Niger. Ytterlegare 200.000 kamerunarar, tsjadarar og nigerarar er internt fordrivne i sine land.

SISTE NYTT

Siste nytt