Hopp til innhold

Demonstrerer mot skatteauke i Jordan

Fleire tusen menneske demonstrerte i jordanske byar natt til søndag i protest mot eit forslag om omfattande skatteauke. Politiet brukte tåregass for å stanse demonstrantane i hovudstaden Amman.

Tusenvis av demonstrantar var ute i gatene i Amman natt til søndag.

Rundt 3000 menneske var samla nær statsminister Hani Mulki sitt kontor i Amman natt til søndag. Dei bar jordanske flagg og banner med teksten «vi vil ikkje bøye oss».

Demonstrantane ropte slagord med krav om at statsministeren må gå av: «Den som aukar prisane ønskjer å brenne landet» og «dette Jordan er vårt Jordan, Mulki må gå».

Politiet tok i bruk tåregass og sette opp vegsperringar for å hindre demonstrantane i å nå fram til regjeringskontora.

JORDAN-ECONOMY-TAXATION-DEMONSTRATION

Ein bevisstlaus mann blir fjerna av politi og meddemonstrantar.

Foto: KHALIL MAZRAAWI / AFP

– Går ut over dei fattigaste

Det er tredje natt på rad med store demonstrasjonar i Jordan, både i Amman og fleire andre byar.

Protestane rettar seg mot eit forslag om skatteauke på fem prosent for arbeidstakarar og mellom 20 og 40 prosent for bedrifter. Folk fryktar det skal få alvorlege følgjer for dei fattigaste og for middelklassen.

Sidan januar har prisane på brød og andre basisvarer stige kraftig. Lønningane har ikkje auka tilsvarande. Amman er ein av dei dyraste hovudstadene i den arabiske verda.

Styresmaktene meiner det er nødvendig å auke skattane for å finansiere offentlege tenester, og seier at det er dei rikaste som vil merke skatteauken mest.

Jordan

Ein demonstrant blir arrestert i Amman seint laurdag kveld.

Foto: KHALIL MAZRAAWI / AFP

Kongen ber om dialog

Laurdag hadde statsminister Hani Mulki eit møte med representantar for fagrørsla. Då det ikkje lukkast å finne ei løysing, samla demonstrantane seg igjen i gatene.

Kong Abdullah har oppfordra begge partar til «ein omfattande og fornuftig nasjonal dialog».

– Det er ikkje rettferdig at innbyggjarane åleine skal ta belastninga med økonomiske reformer, sa han søndag kveld.

Dette er det førebels siste i ei lang rekkje reformforslag frå den jordanske regjeringa. Det har støtte frå Det internasjonale pengefondet, IMF.

Skatteforslaget er enno ikkje endeleg vedteke av nasjonalforsamlinga. Men slik det ser ut no, vil fleirtalet gå imot forslaget. 78 av dei 130 representantane har sagt at dei vil stemme mot.

JORDAN-ECONOMY-TAXATION-DEMONSTRATION

Demonstrantar og politi nær statsministerens kontor.

Foto: KHALIL MAZRAAWI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt