Hopp til innhold

Tusenvis av ukrainske soldatar er sende i fangeleirar

Fredag overgav dei siste 531 ukrainske soldatane seg i Mariupol, ifølgje russiske styresmakter. Over 2400 er sende til russiske fangeleirar.

Ukraianske soldater fraktes ut av Mariupol i busser til Olenivka i Donetsk 20. mai 2022

Ukrainske soldatar blir frakta ut av Mariupol i bussar til Olenivka i Donetsk 20. mai 2022

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Etter å ha halde stand i nesten tre månader mot russisk bombardement i dei underjordiske gangane og bunkerar i stålverket Azovstal, var det slutt fredag kveld.

Busser med ukrianske krigsfanger ledsages av pansrede militærkjøretøy fra Mariupol til Olenivka i den russisk-kontrolerte delen av Donbas.

Bussar med ukrainske krigsfangar blir følgde av pansra militærkøyretøy frå Mariupol til Olenivka i den russisk-kontrollerte delen av Donbas.

Foto: AP

Ifølgje Russland har i alt 2439 ukrainske soldatar overgitt seg frå stålverket.

Dei er frakta til provisoriske fangeleirar på russisk-kontrollert territorium, til byen Olenivka i Donetsk-regionen.

Buss med ukrainske krigsfanger fraktes fra Mariupol

De ukrainske soldatane blir frakta ut i bussar.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Russiske styresmakter har send ut bilete som vise trøytte og motlause soldatar for å vise at Ukraina har tapt slaget om den viktige hamnebyen Mariupol.

Fekk ordre om å overgi seg

Ein av kommandantane på stålverket, Denis Prokopenko, seier i ein video som vart lagd ut på sosiale medium, at ordren om å overgi seg kom frå øvste hald i den ukrainske militærleiinga.

Denis Prokopenko

Denis Prokopenko, ein av leiarane for regimentet på Azovstal.

Foto: Reuters

– Vi er beordra til å redde liv, å verne om soldatane i garnisonen og gi opp forsvaret av byen, seier han.

Sjølv om russerane no seier at alle dei ukrainske soldatane er ute av stålverket, er det enno ikkje stadfesta av Ukraina.

Russiske styresmakter seier soldatane skal få helsehjelp og bli behandla som vanlege krigsfangar. Det gjeld ikkje dei som russarane meiner har gjort krigsbrotsverk, vert det åtvara. Dei vil bli stilte for retten.

«Frå eit helvete til eit anna»

Mange av dei pårørande fryktar no kva som vil skje med soldatane. Natalia Zarytska er ei av kvinnene som er svært uroleg.

Natalia Zarytska

Natalia Zarytska er gift med ein av soldatane som no er frakta til russisk fangenskap.

– Mannen min er på veg frå eit helvete til eit anna, seier ho.

– Han blir frakta frå stålverket Azovstal til fengsel, til fangenskap. Det er veldig tøft, både for meg og han, seier ho.

Russiske styresmakter seier at dei har «frigjort» Mariupol. Med full kontroll i regionen, kan dei no konsentrere seg om nye mål.

Rakettangrep mot kulturhus

Fredag vart det meld om nye russiske angrep nord og sørvest i landet.

I byen Lozova i Kharkiv fylke nord i Ukraina trefte ein russisk rakett kulturhuset i byen fredag ettermiddag.

Lozova / Lozovaja i Kharkiv fylke. Et russisk missil ødela det nyoppussede kulturhuset fredag 20. mai 2022

I Lozova vart det nyoppussa kulturhuset treft av ein russisk rakett fredag.

Foto: Ukrainske nødetater / Reuters

Kulturhuset var nettopp ferdig pussa opp. Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kalla angrepet på kulturhuset for «barbarisk».

Minst sju menneske, mellom dei eit barn, vart skadde i angrepet som utløyste ein enorm sky av støv og strødde bygningsdelar over eit stort område.

Øydelagd ferieby

I feriebyen Zatoka som ligg seks mil sør for Odesa, er skadane store etter eit russisk missilangrep 16. mai.

Bak sanddynene ligg hotell og restaurantar utbomba. Vindauge er knuste, markiser og strandstolar ligg slengde rundt. Bilar er utbrente og palmar knekte. Brannane som vart utløyste er sløkte, men oppryddinga er berre så vidt komen i gang.

Det er lenge til turistane kan vende tilbake til badestranda i Zatoka.

Ødelagt bygning i badebyen Zatoka ved Svartehavet

I badebyen Zatoka heilt sørvest i Ukraina er skadane store.

Foto: Igor Tkachenko / Reuters

Zelenskyj krev at Russland må betale

Russland må stillast økonomisk til ansvar for øydeleggingane i Ukraina, meiner den ukrainske presidenten.

I sin daglege videotale fredag kveld sa Zelenskyj at Russland må betale for kvar einaste heim, skule, sjukehus og forretningslokale som dei øydelegg. Han vil ha ei eiga kompensasjonsordning for dette.

I talen viste han til ferske angrep, mellom anna mot Odesa, Poltava og Zjytomyr.

.

SISTE NYTT

Siste nytt