Hopp til innhold

David slo ut Goliat i australsk edderkoppdrama

Den australske bonden Patrick Lee trudde ikkje sine eigne auge då han kom over dette synet. Ein spinkel edderkopp tok knekken på ein velvaksen og svært giftig brunslange.

Edderkopp mot brunslange.

Bonden Patrick Lee tok dette biletet av edderkoppen som tok knekken av ein velvaksen brunslange.

Foto: PATRICK LEES / Afp

– Eg er usikker på om edderkoppen tok livet av slangen med gift. Mest truleg vart slangen fanga i nettet til det vesle krypet, seier Patrick Lee til Australian Broadcasting Coorporation (ABC). Han seier at normalt vil edderkoppen spinne nettet sitt rundt offeret, før han forgiftar det.

Patrick Lee bur i Weethalle, rundt 400 kilometer vest for storbyen Sydney.

Daddy Long Leg

Biletet av den døde slangen innkapsla i nettet til ein Daddy Long Legs-edderkopp, har vekt stor interesse etter at han la det ut på Facebook-sida si.

Graham Milledge frå Australia's Museum seier at det er mogleg at slangen vart drepen av edderkoppen, men at det er umogleg å vere sikker.

– Det mest sannsynlege hendringsforløpet er at slangen vart vikla inn i nettet til edderkoppen. Det normale er at edderkoppen bit offeret etter at det er sett ut av spel av nettet, seier Milledge til ABC.

Spinkel og langbeint

Det er uklart kor lang tid den geskjeftige edderkoppen brukte på å spinne nettet sitt rundt brunslangen, men det er grunn til å tru at det ikkje var direkte snargjort.

Denne typen edderkoppar, som er vanlege i Australia, er svært spinkle og langbeinte, og dei liknar meir på vevkjerringar enn på vanlege edderkoppar.

SISTE NYTT

Siste nytt