Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Då korona blei oppfatta som eit Kina-problem

BEIJING (NRK): Kina har senka farenivået etter meir enn tre månadar med strenge tiltak mot koronaviruset, men er framleis på vakt. Også mot verda utanfor, som nølte, som om katastrofen ikkje kom til å råka andre enn Kina.

Kjersti Strømmen med maske under koronautbruddet

MASKE: I tre månader har maske vore del av utrustninga til folk i Kina.

Foto: Fang Yongbin / NRK

Eg stanser sykkelen ved sperringa til gata der eg bur og viser fram det midlertidige inngangskortet som er blitt laga på grunn av korona. Så strekk eg fram armen, for at portvaktene skal få ta tempen på meg.

Dette daglege ritualet er blitt ein vane som byrja i vinter og er gått over i vår. Jakkene er ikkje så tjukke lengre, luene er ikkje lengre trekt ned over øyra, og frykta er mindre. Men maskene er alltid på.

Brått spør den eine portvakta meg om korfor folk i Europa ikkje vil bruka masker når koronaviruset no herjar i verda.

Masker i Beijing

HISTORIE: Koronaviruset er i ferd med å sleppa grepet på Kina, men vil prega folk sine minne i lang tid

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Nesten friskmeldt

Eg veit ikkje heilt kva eg skal svara. Eg har lurt på det sjølv, korfor styresmakter i mange vestlege land ikkje frå byrjinga oppfordra sine innbyggjarar til å bruka masker. Eg har aldri blitt klok på argumentet om at det kan gjera vondt verre.

– Nokre seier at folk blir mindre flinke til å halda avstand, om dei har på seg masker, seier eg.

Portvaktene ser spørjande på meg og seier at koronaviruset jo smittar via luftvegane. Då er det vel det luraste ein kan gjera, nettopp å ha på seg maske?

– Kanskje det er fordi dei ikkje har nok masker, seier eg. Styresmakter kan jo nesten ikkje anbefala folk å bruka masker, om dei ikkje eingong har nok verneutstyr på sjukehusa.

Kina har senka farenivået, for landet er på god veg til å bli friskmeldt. I Beijing er det no blitt lov å trena utandørs utan maske, men det er framleis sosialt uakseptabelt å gå på gata utan å ha ei på.

Det er ikkje råd å få ein drosje utan å bruke maske. Ein slepp heller ikkje inn i butikken, på bussen, eller i parken utan.

Det er ikkje berre for å verna seg sjølv. Helst handlar det om å verna andre, for om eit sjukt menneske hostar kan mange andre bli smitta.

Kinesiske forskarar har vist til eit tilfelle på ein buss, der fleire blei smitta av ein og same passasjer, sjølv om fleire av dei sat fire og ein halv meter unna.

Barn med masker i Hongkong

SKYDD: Desse jentene ber masker i Hongkong, der prisane gjekk til vers på grunn av mangel på verneutstyr i februar.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ei anna verd

Då eg reiste heim til Norge ein rask tur i byrjinga av mars blei alle passasjerane på flyplassen i Beijing febersjekka av folk i vernedrakter. Det var få menneske om bord i flyet, men trass i den lange reisa, hadde alle på seg masker, også flyvertane, med unntak av under måltida.

Det var ikkje noko nytt. Slik hadde det vore sidan i slutten av januar.

Så snart eg sat fot i Europa, var det ei anna verd. Her var eg ein raring som bar maske. Folk så på meg med store auge, og kviskra seg imellom. Då eg sjekka inn på hotellet i Oslo blei eg møtt med eit hjartesukk frå kvinna bak skranken, som sa ho var misunneleg på meg, som hadde maske.

Ho hadde leita i heile byen, men fann ingen, og dessutan hadde ho fått beskjed frå sjefen om at dei ikkje fekk bruke maske på jobb.

– Me risikerer jo å bli sjuke, men har ikkje noko val, sa ho.

Reisende på flyplassen i Beijing i mars

VERNEUTSTYR: Reisande på flyplassen i Beijing i mars. Utstyrt med masker, vernebriller, og vernedrakter.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

På tå-hev

Den korte stunda eg hadde i Oslo kjende eg dette omvende fenomenet på kroppen. Eg adopterte hald avstand-metoden og hadde maska i lomma. Når ingen andre bar masker var det som om viruset ikkje var så farleg likevel.

Men, korleis var det mogleg?

Kina var seint ute med å varsla både eigne borgarar og verda om dette koronaviruset, men Europa og USA hadde likevel mange veker på å førebu seg.

Kina hadde stengd ned episenteret for viruset, byen Wuhan, 23. januar. På det tidspunktet var 17 personar bekrefta døde av viruset, og smitta var også blitt påvist i andre land.

Snart blei transportårene gjennom heile Kina stengt, og byar blei isolerte frå kvarandre. Smittetilfella i hovudstaden var få, og likevel var byen på tå-hev.

Reisende leverer helseskjema ved innreise til Beijing, mars 2020

HELSESKJEMA: Ved innreise til flyplassen i Beijing i mars. Alle reisande måtte levera inn helse- og kontaktskjema, for å kunne spora opp folk som viser seg å ha hatt kontakt med smittetilfeller.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Føre var

Det var for lengst blitt kjent at helsepersonell frå heile Kina blei sende til Wuhan for å bidra på dei overfylte sjukehusa, for pasientane hopa seg opp, midlertidige sjukehus blei bygde i ein fart, og likevel var det ikkje plass til alle dei sjuke.

Folk slepte med seg sine kjære frå det eine sjukehuset etter det andre, utan å få plass. Mange døydde fordi dei ikkje fekk hjelp raskt nok. Også legar, som varslaren Li Wenliang, blei offer for Covid-19.

Likevel kunne ein lege i Oslo i slutten av februar gå på jobb med symptom og bli avvist då han ville bli testa. Med min kjennskap til problemet i Kina lurte eg veldig på kva som hadde skjedd med føre var, i vårt helsesystem.

Og då eg altså i mars var innom to europeiske flyplassar og Oslo, var det nesten som om ingenting hadde skjedd. Ingen på flyplassen spurte etter utfylte helseskjema, og folk stod tett på kvarandre i sikkerheitskontrollen, utan masker.

På vegen tilbake til Kina stod ein utanlandsk passasjer ut i mengda. Blant alle kinesarane som ville reisa frå eit Europa med korona på trappene, og heim til eit land som byrja få kontroll, var utlendingen den einaste som ikkje hadde maske. Han fekk ordre om å ta på seg ei.

Kunne det vera slik at europearane trudde viruset ikkje ville nå våre bredder for alvor? Eller trudde nordmenn at me er eit så sterkt folkeslag at slike virus ikkje biter på oss? Eller at me har eit så solid helsesystem at det vil gå oss vel uansett?

Oss og dei andre

Nokre av svara fann eg då sosiologen Marius Meinhof frå Bielefeld-universitetet i Tyskland delte sine observasjonar med internasjonale journalistar i Beijing.

Etter å ha saumfare aviser og sosiale medium meiner han at fenomenet med at vestlege land reagerte så seint på viruset handlar om korleis me definerer oss, og dei andre.

Han viser til fleire haldningar. Den første kallar han for sinofobisk rasisme, der kinesarane får skulda for virusutbrotet på grunn av sin kultur, som til dømes det at nokre har sansen for flaggermussuppe.

Det neste forklarer han som ny-orientalisme, der Kina som autoritært regime i ljos av virusutbrotet blir oppfatta som udugeleg. Denne haldninga inneber at noko slikt aldri kunne ha skjedd i vestlege, liberale samfunn.

Og ved å sjå på alt som kjem frå Kina med dette blikket, stoler ein ikkje på noko som helst av informasjonen som blir delt frå den kanten. Difor blir kinesiske fakta heller ikkje tatt nok på alvor, til å handla deretter.

Tai qi i Beijing

I PARKEN: Ingen i Beijing slepp inn i parken utan maske, heller ikkje om ein trener tai qi i god avstand til andre.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Vedgår ikkje oss

Den tredje haldninga Meinhof har notert seg, er korleis virusutbrotet blir plassert i eit perspektiv der Kina er oppfatta som underutvikla, eit utviklingsland, i kontrast til moderne, vestlege samfunn.

På nettsida Discover Society skriv sosiologen at:

– Det var ikkje eigentleg ein fiendtleg logikk bak dette, men snarare ein idé om at ein epidemi som er dødeleg i utviklingsland ikkje ville vera skadeleg i eit moderne land som Tyskland.

Også denne haldninga bygde på forskjellen mellom oss og dei andre.

Difor blei det usannsynleg at Covid 19 skulle bli oppfatta som ein trussel for Europa, meiner Meinhof.

Altså at viruset ikkje kunne nå vestlege, velståande, liberale samfunn, med gode helsesystem, men altså høyrer heime i ein fjern kultur, i eit autoritært land, som ikkje har utvikla seg til å vera på same nivå som i vesten.

No har alt snudd.

Barrikadar

Då eg kom frå Norge blei eg sat i karantene i Beijing, fordi den største koronatrusselen ikkje lengre var i Kina, men i verda utanfor.

Få veker seinare stengde Kina grensene for utlendingar.

Dei av oss som er her no, har altså vore her lenge.

Likevel blei eg stansa av portvakter då eg sist helg drog til favoritt fjell-landsbyen som no endeleg var open for besøk etter korona:

– Nei. Berre kinesarar slepp inn. Utlendingar stoler me endå ikkje på.

Etter ein lang diskusjon fekk eg koma bak barrikadane, men det var på nippet at eg måtte snu.

Menneskerettar eller livet

Kanskje er det fordi dei har sett videoen av ein full utlending på gata som slett ikkje ville bruke maske. Eller kanskje dei såg filmsnutten av den australske kvinna som nekta å ha på maske då ho skulle ut på joggetur.

Etter alt oppstyret det førte til, mista ho jobben i eit internasjonalt legemiddelfirma, og blei kasta ut av Kina.

I Beijing er det null toleranse. Bagasjerommet blir sjekka når me køyrer gjennom porten til kontorområdet, i tilfelle me har smugla med oss ein sjuk person.

Ein eg kjenner fekk politiet på nakken etter å ha krangla med ein portvakt i eit bustadområde. Han fekk valet mellom 14 dagar i kasjotten, ein saftig bot, eller be fint om orsaking. Dei meinte han hadde sett andres liv og helse i fare.

Min kollega fekk berre ta med seg ein frilansar inn på kontor-området om ho også tok ansvar om denne handlinga førte til andres død.

Noko av dette er nesten ufatteleg strengt, men samstundes har mange kinesarar vore måpande til korleis liberale vestlege demokrati har hatt ein nølande tilnærming til korona. Dei har også fått med seg at folk protesterer mot styresmakter som tar tydelege grep.

Det er eit par setningar som stadig dukkar opp på ulike plattformar her i Kina no:

– Folk i vesten klager på at deira menneskerettar blir krenka om dei til dømes må halda seg i karantene. Dei er visst meir opptekne av sine rettar, dei, enn å vera i live.

Eit par med masker i ein park i Beijing

UTRUSTNING: Folk i Kina bruker framleis masker, sjølv om landet er på god veg til å bli friskmeldt

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt