Hopp til innhold

CNN: Hushaldssjefen tar imot Biden i Det kvite hus

Når Joe Biden flyttar inn i Det kvite huset, er det mykje som bryt med tradisjonen. Då har Donald Trump nett flytta ut, og ein historisk vaskejobb startar.

Det hvite hus i Washington i USA

RUNDVASK: Det kvite hus blir klart gjort til at Joe Biden skal flytte inn og ta over som USAs president.

Foto: Joe Raedle / AP / NTB

Påtroppande president Biden blir avvist av forgjengaren sin på fleire vis onsdag. CNN kallar det ein avvisning «av historisk storleik». Trump har allereie varsla at han ikkje kjem på seremonien der Biden blir tatt i eid.

Trump har heller ikkje invitert Biden og kona Jill inn i det som snart skal bli heimen deira, slik den avtroppande presidenten gjer til vanleg, og slik Trump sjølv blei ønskte velkomen og viste rundt av Barack Obama og kona Michelle i 2017. Trøysta får vere at Biden er godt kjent i huset etter åtte år som visepresident.

Biden-paret kjem til å bli møtt av Timothy Harleth, som er sjef for hushaldet i Det kvite huset, seier kjelder til CNN. Han har tidlegare jobba på Trump International Hotel i Washington og blei tilsette av Trump i 2017.

Første oppdrag

På ettermiddagen onsdag skal Biden, som ein av dei første oppdraga som president, delta på ein kranseseremoni på den nasjonale gravlunden Arlington. Der vil dei tidlegare presidentane Bill Clinton, George W. Bush og Barack Obama delta.

Det er under denne seremonien mesteparten av Biden sine personlege eigedelar vil bli flytta inn i Det kvite huset.

Då har Trump allereie flytta ut og reist til Florida. Etter at den avtroppande presidenten er ferdig pakka ut, går ein historisk stor vaskejobb i gang.

Flyttebil henter esker som skal fraktes bort fra Det hvite hus.

Flyttebilar har gått i skytteltrafikk den siste veka. Her blir pappesker med dokument henta i Det kvite huset.

Foto: Gerald Herbert / AP / NTB

Det har ikkje noko med Trump å gjere, eller at Biden har støv på hjernen, men frykt for bakteriar og virus i tidsalderen til koronaen. Alle teppe, gardiner og møblar blir grundig vaska.

– Vaskinga startar med ein gong Trump er ute, seier ei kjelde til CNN.

Spelte inn video

Trump skal måndag ha spelt inn ein avskjedsvideo til det amerikanske folket, der han skryt over det han fekk til i sin eine presidentperiode.

Det får medium som CNN og Washington Post stadfesta av ikkje-namngitte kjelder. Videoen kjem til å bli publisert tysdag, blir det opplyst.

I videoen ramsar den avtroppande presidenten opp suksesshistoriene sine frå fire år i Det kvite huset. Eit spenningsmoment er om han vil gjenta påstanden om at valsigeren «blei stolen» frå han.

Trump har elles vore uvanleg taus sidan opprøret i Washington 6. januar, og sidan han blei utestengd frå sosiale medium. Det var påstanden om valjuks som gjorde at han blei utestengd frå Twitter og Facebook.

Tysdag er Trumps siste hele dag som president, men det er ikkje kjend kva han vil bruke dagen til. I kalenderen hans står det at han vil jobbe frå tidleg morgon til sein kveld, ta mange telefonar og ha mange møte.

Hans siste handling som president blir truleg at han benådar opp mot 100 personar for lovbrot. Det skal dreie seg om både tradisjonelle kriminelle og politiske venner og allierte.

Biden varsla innvandringsreform

I natt blei det kjend at påtroppande president Joe Biden på sin første dag i embetet skal legge fram ei ny stor innvandringsreform.

Den kan føre til at 11 millionar illegale immigrantar i USA kan få statsborgarskap om åtte år, melder nyheitsbyrået AP. Planen skal vere eit klart brot med Donald Trumps innstrammingar dei siste fire åra.

Biden og hans nominerte finansminister Janet Yellen har og varsla at dei vil doble koronakrisepakka på 900 milliarder dollar som blei vedtatt i Kongressen i romjula. Då ville både demokratane og Donald Trump bruke meir, men republikanarane i Senatet sa nei.

Biden varslar og at han vil innføre nye etikkreglar for politikarane han peikar ut, som mellom anna skal hindre dei i å motta bonusar. Han vil også innskrenke lobbying-reglane, melder Washington Post.

SISTE NYTT

Siste nytt