NRK Meny
Normal

CNN: Fekk terrortrening i Jemen

Ein av dei to brørne som er på frifot, mistenkte for Paris-terroren, skal ha reist til Jemen og fått terrortrening av Al Qaida.

Cherif og Said Kouachi

Cherif og Said Kouachi er mistenkte for å ha gjennomført terroren og drapet på 12 personar i eit redaksjonslokale i Paris onsdag. Fleire kjelder melder no at Said Kouachi (t.h.) fekk terrortrening av Al Qaida i Jemen i 2011.

Foto: FRENCH POLICE / Afp

Det er den eldste av dei to brørne, Said Kouachi (34), som skal ha vore i Jemen i fleire månader i 2011 og fått trening i skyting med handvåpen og moglegvis også opplæring i å laga bomber av Al Qaida der.

Det melder både CNN, Reuters og New York Times.Dei hevdar alle å ha opplysningane frå amerikanske og europeiske tryggingskjelder med god kjennskap til etterforskinga.

Jemen har starta etterforsking

Dei nye opplysningane samsvarar med forklaringar frå fleire vitne, som har fortalt at terroristane presenterte seg som «Al Qaida i Jemen».

Styresmaktene i Jemen seier til Reuters at dei er kjende med opplysningane, og at dei etterforskar potensielle relasjonar mellom Said Kouachi og den jemenittiske delen av Al Qaida-nettverket.

Heile 88.000 politifolk, militærpoliti og soldatar jaktar natt til fredag intenst Said og Cherif Kouachi, som franske styresmakter meiner står bak det dødelege terroråtaket mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris onsdag. Ein 18 år gamal slektning melde seg sjølv for politiet seint onsdag kveld.

Fransk politi skal ha kome på sporet av dei tre etter å ha funne eit identitetskort i fluktbilen.

Stod på No fly-list i USA

Kanalen NBC melder torsdag kveld at dei to mistenkte, som begge er franske statsborgarar, i fleire år stod på USA si liste over personar som ikkje får fly til landet. Dei er også registrerte i amerikanske styresmakter sin database over terroristar eller personar som er mistenkte for terror-verksemd.

NBC hevdar å ha fått stadfesta opplysningane frå departementet for innanlands tryggleik i USA.

Den yngste av brørne, Cherif Kouachi (32) blei i 2008 dømd til fengsel for å ha delteke i eit nettverk som rekrutterte folk til å reisa til Irak for å kjempa mot USA. Han blei pågripen før han sjølv skulle reisa til Irak.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt