Hopp til innhold

Chávez fekk pris for pressefridom

President Hugo Chávez har lenge blitt kritisert for å knebla media i Venezuela. No har han vunne ein pris for sitt arbeid for pressefridom.

Hugo Chavez er tildelt pressefridom-pris

Hugo Chávez har innført konsesjonslovar som skvisar ut opposisjonelle medie-aktørar. Denne veka blei han likevel heidra for sin innsats mot mediemonopol i Venezuela og Latin-Amerika.

Foto: Maxi Failla / Afp

Den venezuelanske presidenten Hugo Chávez er stadig på kollisjonskurs med mediebedriftene i det søramerikanske landet.

Han har ofte blitt skulda for å direkte og indirekte sensur av radiostasjonar, fjernsynskanalar og aviser som formidlar kritikk mot Chávez sjølv, og mot den politiske venstresida.

Men under eit besøk i Argentina denne veka blei presidenten heidra som ein viktig pådrivar for pressefridom og for sitt arbeid med å bryta «medie-monopola» i Latin-Amerika.

Takksam og audmjuk

La Plata Universitetet tildelte Chávez den prestisjetunge «Rodolfo Walsh Prisen», for hans «urokkelege og autentiske innsats» for å gje dei utan ei røyst tilgang til eteren og pressa.

– Eg tek imot denne ærefulle prisen, applausen og anerkjenninga med sterk audmjuke, sa Chávez i ein takketale tysdag.

Prisen har fått namn etter ein argentinsk journalist som forsvann sporlaust under militærdiktaturet på 1970-talet.

– Denne påskjønninga vil eg dela med det venezuelanske folket, og med alle dei som har kjempa mot kulturell og økonomisk kolonisering, la Chávez til.

Nasjonalisering og kontroll

Etter at Chávez blei vald som president i 1999, tok han initiativet til TeleSur, ein ny kontinent-omspennande satellitt-basert fjernsynssendar.

TeleSur var ei felles satsing mellom Venezuela, Uruguay, Argentina og Cuba. Statskanalen blei oppretta som ei motvekt til CNN og andre amerikanske kanalar i regionen, og skulle visa «Latin-Amerika gjennom latinamerikanske augo».

Samstundes som han har starta opp ein statskanal, har Chávez også teke strupetak på fleire privateigde kanalar. Private aktørar vert nekta konsesjonsløyve, fordi presidenten meiner dei er manipulative og forstyrrar offentleg ro og orden.

Obligatoriske program

30 radiostasjonar og to mindre fjernsynsstasjonar har ifølgje nyheitsbyrået AFP vorte pressa av lufta som følgje av ei innstramming av lisens-krava.

I tillegg har han på spissfindig vis pålagt dei uavhengige aktørane sjølvsensur, ved å gjera visse talar og program obligatoriske.Eitt døme er hans eige program «Aló Presidente» (Hallo president).

Den venezolanske regjeringa fekk krass kritikk då dei i 2007 nekta å fornya konsesjonen til den opposisjonelle radio- og fjernsynskanalen Radio Caracas Television (RCTV).

Befolkninga demonstrerte, og internasjonale grupper som Human Rights Watch og Reportere uten grenser har gjeve uttrykk for sterk bekymring over utviklinga.

Men kritikken prella av, og i fjor blei RCTV igjen teken av lufta, denne gongen fordi dei nekta å senda Chávez sine vekesende, timelange talar.

SISTE NYTT

Siste nytt