Hopp til innhold

Bygning kollapsa etter tungt snøfall - ti omkomne og over 100 skadde

Ti studentar har mist livet og over 100 er sende til sjukehus med lettare skadar etter ein bygningskollaps i Sør-Korea.

Redningsaksjon etter bygningskollaps i Gyeongju.

Ein brannmann prøver å kome fram til ei ung jente som er sperra inne under bygningsrestar i Gyeongju i Sør-Korea.

Foto: YONHAP / Reuters

Meldingane frå Sør-Korea er til dels motstridande, men ti skal ha mist livet. Minst to skal vere alvorleg skadde.

Det var taket på ein bygning ved eit feriekompleks i fjella utanfor Gyeongju, Mauna Ocean Resort , som gav etter for dei enorme snømengdene. Gyeongju ligg i den sørlege delen av Sør-Korea. Alle dei ramma er studentar ved universitetet i Busan.

Tragedien skjedde klokka 2115 lokal tid, klokka 1315 norsk tid. Avisa Korea Herald melder at ti studentar har mist livet, og at rundt 100 er lettare skadde.

Video frå bygningskollapsen i Sør-Korea.

VIDEO: Infomøte enda i tragedie.

Studentsamling

Ulukka skjedde under ei samling for ferske studentar ved Busan-universitetet. Det var ein konsert inne i bygningen der taket kollapsa, melder Yonhap.

Rundt 560 studentar frå Busan-universitetet si avdeling for utanlandsstudiar var inne i bygningen, melder Yonhap.

Bygningskollaps i Sør-Korea.

Det tok tid å rydde vegen inn til anlegget for snø.

Foto: Lee Jae-hyuck / Ap

Nettstaden Busanhaps melder at det var rundt 350 studentar inne i bygningen då kollapsen skjedde. Rundt 300 greidde å kome seg ut, resten vart sperra inne av bygningsrestar og snø.

Det oppstod panikk, og mange vart skadde då dei vart trampa ned då folk prøvde å kome seg ut.

Store snømengder

Andre kjelder seier at mellom 700 og 1000 studentar var inne i bygningen då ulukka skjedde. Dei fleste kom seg ut ved eiga hjelp.

Redningsarbeidet var vanskeleg fordi det var vanskeleg å kome fram til ferieanlegget på grunn av store mengder tung snø. Det vart brukt tungt utstyr som gravemaskinar for å få bort bygningsrestane.

Området, som ligg rundt 500 meter over havet, har opplevd eit uvanleg kraftig snøfall dei siste dagane.

Bygningskollaps i Gyeongju.

Dei enorme snømengdene gjorde at taket på bygningen kollapsa.

Foto: YONHAP / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt