Hopp til innhold

Byen har forsøkt å tilpasse seg klimaendringar - no er den nesten utradert

Beira er på storleik med Oslo. I fleire år har byen førebudd seg på at klimaendringar vil ramme dei hardt. Havet kryp stadig lengre opp på land, og i helga vart byen nesten utradert.

Sjå nokre levande bilete frå Beira. Røde Kors meiner rundt 90 prosent av byen er øydelagd av syklonen Idai.

– 90 prosent av byen er flauma over eller øydelagd av stormen. Det er lettare infrastruktur som først er øydelagd av vind, og deretter kjem regn og flaum etterpå, fortel utanlandssjef i Røde Kors, Tørris Jæger.

Øydelagd infrastruktur

Hans internasjonale kollegaer har flydd over kystbyen Beira og gjort observasjonar frå lufta. Presidenten i Mosambik, Filipe Nyusi, sa i går at han fryktar over 1000 menneske er døde i uvêret. Ifølgje FN kan over 1,5 millionar menneske vere ramma av ekstremvêret som også kom inn over Malawi og Zimbabwe.

Beira

– Problemet no er at me manglar mat. I går åt me ikkje i det heile tatt, seier Julia Luis som bur i Beira til nyheitsbyrået AP.

Synet av Mosambiks nest største by er nedslåande og alvorleg. Øydelagde vegar, kloakksystem, vassrøyr, og dårlegare tilgang til sjukehus er noko av det som bebuarane i byen no opplever. Og dei fleste bebuarane i Beira er allereie fattige.

I tillegg kjem alle skadane på lettare infrastruktur slik som dei mange små enkle husa, og ikkje minst skadane på store område med matjord i heile regionen.

– Det er utrulege krefter som er kome inn over land. Det var ein svær storm. Styresmaktene seier at dette er den verste naturkatastrofen dei har opplevd, seier Jæger i Røde Kors.

Mozambique Cyclone

Skadane er enorme i Beira etter syklonen Idai slo inn over land i helga.

Foto: Denis Onyodi / AP

Har forsøkt å førebyggje

Mykje regn frå november til mars er ikkje noko nytt for Beira, fordi dette er den årlege regntida. Men dei siste åra har byen forsøkt å førebu seg på det dei veit kjem til å komme: Større klimaendringar, meir vind og mykje regn.

– Me må kanskje flytte 100.000 menneske til tryggare område fordi havnivået stig, sa politikaren Daviz Simango til Reuters under eit møte i Bonn i 2016.

Der var temaet korleis byar i framtida skal førebu seg på klimaendringar, og for Mosambik og Beira sin del har det vore alvor lenge.

Mozambique Cyclone

Ein sportsarena er heilt øydelagd etter uvêret. Taket er borte, og dekket er fullt av bygningsbitar.

Foto: Denis Onyodi / AP

Byen har forsøkt å innføre fleire tiltak for å betre byen evne til å møte ekstremvêr. Ei elv som snirklar seg gjennom byen, og som bidreg til naturleg drenering, vart på eit tidspunkt lagt delvis under bakken. Dette vil dei reversere. I tillegg har det blitt jobba med å oppgradere byens gamle dreneringssystem, og det er laga flaumbarrierar.

Ventar meir ekstremvêr i framtida

Området rundt kystbyen er veldig flatt, og byen vil difor bli ramma hardt om forskarane får rett og havnivået stig fleire titals centimeter i åra som kjem.

I tillegg til stigande havnivå er området ekstra utsett for ekstremvêr frå Det indiske hav.

– Om uvêret fører til at vatnet kjem ein meter over normalt nivå, så strekker det seg mange kilometer inn over land, seier professor emeritus ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, Tor Gammelsrød.

Mozambique Cyclone

Mange har sett seg nøydde til å flykte bort frå dei hardast ramma områda, der infrastrukturen er knust og levetilhøva ekstremt vanskelege.

Foto: Josh Estey / AP

Han kjenner Mosambik godt etter å ha jobba med klima- og havforsking i landet sidan 1986. Han seier det er vanskeleg å førebygge naturkatastrofar i Beira.

– Det er vanskeleg å sjå for seg noko form for infrastruktur som kan avgrense skadane. Å bygge ein mur kan fort føre til at vatnet ikkje trekk seg tilbake som normalt om bølgene likevel skulle komme seg over ein slik mur, seier Gammelsrød.

Mozambique cyclone

To små gutar leier kvarandre gjennom den øydelagde byen.

Foto: Josh Estey / AP

Han seier det er umogleg å seie om helgas uvêr hadde ein direkte samanheng med klimaendringar, men at teorien om at slike syklonar vil skje oftare i framtida blir stadig meir akseptert i klimaforskarmiljøet.

– Det som er like alvorleg som syklonar, er at det vert dårlegare avlingar og svolt. Men det skjer sakte over tid, og me les sjeldan om det i avisa. Fleire bønder seier dei merker endringar i tørketid og regntid, seier Gammelsrød.

SISTE NYTT

Siste nytt