Hopp til innhold

Bush vil ha fleire soldatar

President George W. Bush seier at USA treng fleire soldatar, men veit ikkje enno om han vil auke talet på amerikanske soldatar i Irak.

George W. bush på pressekonferanse i Det kvite hus 20.12. 2006.
Foto: MANDEL NGAN / AFP

 Bush sa dette i ein pressekonferanse i Det kvite hus som starta klokka 16 norsk tid.

- Krigen i Irak vil krevje mange vanskelege val, og vil føre til mange nye offer i 2007, sa han blant anna.

Han sa at det er naudsynt å auke talet på soldatar i den permanente amerikanske hæren og i elitestyrken US Marines.

 

Han har likevel ikkje avgjort om det skal sendast fleire amerikanske soldatar til Irak.

- Eg ser på alle alternativ i Irak, inkludert å sende fleire amerikanske soldatar, sa Bush på pressekonferansen. - For å sende fleire soldatar må der vere eit spesielt oppdrag som kan vinnast med fleire soldatar.

- Fienden i Irak er omsynslaus og valdeleg, la han til.

Tidlegare i dag vedgjekk Bush i eit intervju med Washington Post at USA ikkje er i ferd med å vinne krigen i Irak, men sa også at dei ikkje held på å tape.  

Han gjentok dette i ettermiddag, men sa no at han framleis trur at det er mogleg å vinne krigen.

- Eg trur vi kjem til å vinne, men det går langt frå så fort som eg hadde ynskt, sa Bush.

Den amerikanske presidenten kom også inn på forholdet til Iran og Syria, og sa at så lenge Iran heldt fram med atomprogrammet sitt, og Syria  framleis driv destabilisering i Libanon, så blir det ikkje snakk om direkte forhandlingar med dei to landa.

Bush sa også at det iranske folket fortener noko betre enn den noverande presidenten Mahmoud Ahmadinejad.

SISTE NYTT

Siste nytt