Hopp til innhold

Bulgaria: 30 arrestert i anti-roma demonstrasjonar

Etter den andre natta med demonstrasjonar mot eit nabolag med romfolk, er 30 personar arresterte. Uroa byrja som ein nabokrangel på grunn av høg musikk i den bulgarske hovudstaden Sofia.

Protestar Bulgaria

Seks personar skal vere skadd i masseslagsmålet over høg musikk. Politiet fryktar nye samanstøyt i kveld.

Foto: EVN

Politiet held vakt i Sofia

Politiet held vakt ved heimar til etniske rom. Nynazistar og fotballpøblar prøvde i helga å ta seg inn i heimane til rom.

Foto: EVN

Politiet seier at førsteprioritet er å hindre fleire samanstøyt i nabolaget der det lenge har vore spent mellom rom og bulgararar.

Fleire etniske rom seier til nyheitsbyrået Novinite at dei vart banka opp då demonstrantar tok prøvde å ta seg forbi politisperringane og inn i heimane deira i natt.

Det er venta at bulgarske fotball-hooligans og høgreekstreme rørsler vil kome til nabolaget i kveld for å demonstrere. Opprørspolitiet har laga ein beskyttane ring rundt heimane til etniske rom.

Årsaka til krangelen var høg musikk

Lokale heltar

Lokale heltar i klammeri med politiet. Fleire hat-grupper er no på veg for å ytre hat og misnøye mot rom.

Foto: EVN

Ifølgje politidirektør Mladen Marinov var høg musikk årsaka til uroa. Bebuarar i nabolaget har i lengre tid klaga på at etniske rom spelte høg musikk nattetid.
Det heile kulminerte i eit slagsmål mellom ungdomsgjengar i helga, der seks personar vart skadde.

Etniske nabokranglar kjem ofte ut av kontroll

Nyleg braut det ut eit liknande masseslagsmål i den bulgarske landsbyen Garmen. Også på grunn av høg musikk.

I Bulgaria har det lenge vore eit bittert motsetnadsforhold mellom rom og bulgararar. Relativt små kranglar veks seg raskt store.

Landsomfattande hatmarsjar i 2011

I 2011 måtte rom halde ungane heime frå skulen over heile landet, etter det braut ut store anti-rom demonstrasjonar i Bulgaria.

Også denne uroa byrja med ein nabokrangel i byen Plovdiv. Ein ung bulgarar vart påkøyrd og drepen av ein lokal mafiaboss frå Romfolket.

Hatmarsjane mot denne rom-bossen spreidde seg til over 20 byar i Bulgaria. I hovudstaden Sofia stod nynazistar og vanlege middelklassefolk side om side og ropte rasistiske slagord mot romfolket.

- Vi skal koke såpe av sigøynarane, skreik mobben.

I kveld er det venta nye anti-rom demonstrasjonar. Denne gong mot speling av høg musikk nattetid.

SISTE NYTT

Siste nytt