Minst 45 døydde då buss tok fyr i Bulgaria

Minst 45 menneske, blant dei tolv born, er døde etter at ein buss tok fyr på ein motorveg i Bulgaria i natt.

qIX1GieYUV0

Redningsmannskap i arbeid ved den utbrende bussen.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / AFP

Bussen tok fyr på ein motorveg vest i landet, seier ein tenesteperson i det bulgarske innanriksdepartementet til nyheitsbyrået Reuters.

Ulukka fann stad rundt klokka 2 lokal tid, ifølgje Nikolai Nikolov, som er brannansvarleg i departementet. Nyheitsbyrået DPA siterer det statlege bulgarske nyheitsbyrået BTA på at ulukka skjedde rundt fire mil sørvest for hovudstaden Sofia.

– 45 av dei 52 passasjerane er døde, tolv av dei er under 18 år, seier politisjefen i Bulgaria, Stanimir Stanev, til TV-stasjonen BTV.

Det er dermed den bussulukka som har kravd flest liv i Bulgaria nokon gong.

GlstZFAf4uA

Bussen tok til å brenne på motorvegen nær Bosnek i Bulgaria.

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

Sju menneske med brannskadar er sende til Pirogov-sjukehuset i Sofia. Tilstanden deira er stabil, ifølgje sjukehuset.

Årsaka til ulukka er enno ikkje kjent. Ein talsperson for innanriksdepartementet i Bulgaria seier at det ser ut til at bussen køyrde inn i autovernet. Det er uklart om bussen tok fyr før eller etter dette.

Bussbrann Bulgaria

Ulukkesstaden nær Bosnek i Bulgaria.

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

– Høyrdest ut som ein eksplosjon

Bussen var på veg frå Istanbul i Tyrkia til Skopje, hovudstaden i Nord-Makedonia. Ifølgje utanriksministeren i Nord-Makedonia, Bujar Osmani, var reisefølgjet på veg tilbake frå ein helgetur til Tyrkia.

Bussen, saman med tre andre bussar frå eit nordmakedonsk reiseselskap, kryssa grensa mellom Tyrkia og Bulgaria seint måndag kveld.

Statsministeren i landet, Zoran Zaev, trur dei fleste omkomne kjem frå Nord-Makedonia, men at det truleg også var ein serbisk og ein belgisk statsborgar om bord. Det er uklart om desse er mellom dei omkomne.

Presidenten i Bulgaria, Rumen Radev, har i formiddag sendt kondolansar til den nordmakedonske presidenten, Stevo Pendarovski.

Zoran Zaev seier at han har snakka med ein av dei sju overlevande, som fortel at passasjerane sov då dei vakna av noko som høyrdest ut som ein eksplosjon.

Folk som sat bak i bussen greidde å komme seg ut ved å knuse vindauga.

bewsxde9d50

Politiet sperrar av motorvegen nær ulukkesstaden.

Foto: AP

Mange ulukker på vegane

Både fungerande statsminister i Bulgaria, Stefan Janev og innanriksminister Boyko Rashkov drog til ulukkesstaden tysdag morgon.

– Dette er eit frykteleg syn. Eg har ikkje sett noko slikt før, sa Rashkov då han kom fram. Og han la til:

– La oss håpe at vi kan lære av denne tragiske ulukka, slik at vi unngår slike hendingar i framtida.

Det har vore fleire dødelege bussulukker i Bulgaria dei siste åra. I 2018 omkom 17 bulgarske turistar då ein buss velta på ein glatt veg.

I alt 628 menneske døydde i trafikkulukker i 2019 og 463 i 2020. Det bur 6,9 millionar menneske i Bulgaria. Det er mange dårlege vegar i landet, og bilparken er gammal.

SISTE NYTT

Siste nytt