Hopp til innhold

Britiske fagforeiningar i harnisk

Tusenvis av sinte britar marsjerte i dag i Londons gater i protest mot budsjettkutt-planane som regjeringa legg fram onsdag.

Britain Economy Cuts

To tusen fagorganiserte viste tysdag sin avsky mot den britiske regjeringa sine spareplanar, i håp om å få politikarane til å leggje sparekniven tilbake i skuffa.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Det skal kuttast med hard hand i det britiske statsbudsjettet. Offentleg sektor skal slankast kraftig, og den britiske koalisjonsregjeringa har varsla nedskjæringar på opptil 40 prosent i dei fleste departement.

Illsinte fagforeiningar demonstrerte høglytt i London tysdag.

– Dette er berre starten på ein omfattande og langvarig kamp, seier kommunaltilsett Jayne Taylor, som kom frå Bristol i sørvest-England for å vera med på protesten.

– Ein halv million må gå

Demonstrant i London

Medlem av ei lærar-fagforeining viser sin motstand mot dei planlagde budsjettkutta som skal presenterast onsdag.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Den britiske koalisjonsregjeringa, forma av Dei Konservative og Liberaldemokratane, arva eit rekordhøgt budsjettunderskot på 154,7 milliardar pund då dei vann valet i mai i år. Dermed må sparekniven slipast.

Statsminister David Cameron har tidlegare sagt at ein halv million offentleg tilsette må finne seg nye arbeidsplassar innan 2015. Samstundes har han lova at dei økonomiske innstrammingane ikkje skal råka dei svakaste gruppene i samfunnet.

Tysdagens demonstrasjon i London vil verta etterfulgd av demonstrasjonar rundt om i landet denne veka. Fagforeiningane har også varsla blokkadar.

Generalsekretæren Dave Prentis i Unison, Storbritannias største fagforeining for offentleg

Britiske fagforeiningar

Slagord, fløyter og plakatar. Fagforeiningane var godt synlege i den britiske hovudstaden tysdag.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

sektor, seier at foreiningane vil stå skulder til skulder for å forsvare offentlege tenester, lønningane og godene til statleg tilsette.

– Me dannar ein allianse for å forsvara arbeidsplassar og pensjonspengar og for å hindra kutt. Me skal kjempa imot, sa Prentis til ein fullpakka og applauderande Westminster Central Hall, ifølgje Reuters.

Kan bli streik

Fagforeiningane har sagt dei først vil forsøke å utøve politisk press ved å demonstrera, men er samde om å starta ein koordinert streik dersom regjeringa ikkje snur.

Onsdag legg finansminister George Osborne fram detaljerte planar om korleis dei varsla kutta skal gjennomførast.

SISTE NYTT

Siste nytt