Hopp til innhold

– Støttar ikkje budsjettstup-avtalen

Håpet svinn om ei rask avklaring på budsjettavtalen i Representantenes hus i USA. Senatet sitt forslag til ny budsjettavtale møter sterk motbør i Republikanarane si høgborg - Representantenes hus.

Republikaneren Eric Cantor i Representantenes hus

Republikanaren Eric Cantor i Representantenes hus er langt ifrå begeistra over Senatet sitt forslag til ny budsjettavtale.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

– Eg støttar ikkje stup-avtalen, sa leiaren for den republikanske majoritetsfraksjonen i Representantenes hus, Eric Cantor då han kom ut frå eit to timar langt møte med sine republikanske kollegaer.

Cantor viste til avtalen som natt til tysdag fekk gjennomslag i Senatet, og som forskyv det såkalla «budsjettstupet» to månader fram i tid.

Vil kutta meir i offentlege utgifter

Medan det er demokratane som har majoriteten i Senatet, er det Republikanarane som har fleirtalet og dermed siste ordet i Representantenes hus.

Cantor og andre republikanske medlemmer av underhuset i Kongressen skal «med styrke» ha gitt uttrykk for misnøye og tvil om den førebelse avtalen under det lukka møtet tysdag, melder Washington Post.

Lovgjevarane meiner forslaget har for sterkt fokus på skatteauke, og etterlyser større kutt i offentlege utgifter - noko demokratane er sterkt imot. Republikanarane vurderer no å senda forslaget tilbake til ein ny runde i Senatet, melder nyheitsbyrået Ap tysdag kveld.

Dermed svinn håpet om å å få gjennomført ei røysting over Senatet sitt forslag før finansmarknadene opnar att onsdag morgon.

Frykten er at uvissa om USA si økonomiske framtid vil få desse marknadene til å svinga kraftig.

Det går framleis føre seg hektisk møteverksemd i Washington, og Republikanarane i underhuset fortsette klokka 23.15 norsk tid forhandlingane bak lukka dører.

Statsgjeld over maksgrensa

Budsjettstupet er namnet på ei rekkje drastiske økonomiske innsparingar og skatteaukar som automatisk ville tre i kraft dersom dei folkevalde i USA ikkje kom fram til ein ny budsjettavtale innan årsskiftet.

Årsaka er at USA på nyttårsaftan nådde si maksgrense for statsgjeld på 16.400 milliardar dollar, eller nærmare 92.000 milliardar norske kroner.

I avtalen som demokratane og republikanarane i Senatet blei samde om ligg det blant anna at personar som tener 450.000 dollar eller meir får skatteauke, medan dei rundt 100 millionane som tener mindre enn 250.000 dollar i året blir skåna frå dette.

– Avtalen vil verna 98 prosent av amerikanarane og 97 prosent av småbedriftene mot skatteauke, sa Obama etter at avtalen var i boks.

President Barack Obama i Det hvite hus

Avtalen er riktig for landet vårt, og Representantenes hus bør vedta den utan utsetjingar, sa president Barack Obama då Senatet var blitt samde om eit forslag til budsjettavtale natt til tysdag.

Foto: EVN

SISTE NYTT

Siste nytt