Hopp til innhold

Budde på hotellet fordi UD stengde konsulatet i Murmansk

Den norske diplomaten var på flyttefot frå Russland idet episoden på hotellet i Murmansk fann stad. Enn så lenge har ikkje Russland levert nokon offisiell protest.

Norsk diplomat

VAR PÅ VEG UT: Den norske diplomaten besøkte hotellet i Murmansk i forbindelse med at det norske generalkonsulatet i Murmansk stengde ned.

Foto: Skjermbilde frå Telegram

Ein video av ein norsk diplomat på hotellbesøk i Murmansk i Russland har florert i russiske og internasjonale medium.

I videoen, som blei publisert av russiske medium i går, kjem den norske diplomaten med fleire krasse ytringar til dei hotelltilsette om Russland og russarar.

– Eg hatar russarar. Eg er vand til reine rom. Eg er frå Skandinavia og ikkje ei russisk dame, seier ho til resepsjonistane.

Etter det NRK forstår, besøkte kvinna hotellet i forbindelse med at det norske generalkonsulatet i Murmansk 1. juli stengde ned.

Kvinna skulle overnatte på hotellet Azimut i Murmansk før ho deretter skulle forlate Russland idet hendinga fann stad.

Redaktør i Barents Observer, Thomas Nilsen, meiner videoen er ei utsending frå russisk etterretning. Han stiller spørsmål til at videoen blei lekt no, ein månad etter episoden skjedde.

– Det er ein slags «takk for sist» frå russiske styresmakter – eit stikk etter at dei norske diplomatane drog frå Russland, seier Nilsen.

Thomas Nilsen

Redaktør i Barents Observer, Thomas Nilsen, ser publiseringa av videoen i samband med at Noregs generalkonsulat i sommar stengde ned.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Les også Vurderer video av norsk diplomat som provokasjon frå russisk etterretning

Ingen offisiell protest frå Kreml

Det norske utanriksdepartementet stengde generalkonsulatet i Murmansk som følge av at rammene til konsulatet er blitt kraftig snevra inn. Stenginga er mellombels, men UD har informert at ho kan bli langvarig.

Talsperson for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, reagerte kraftig på videoen og sa at dei «vurderer korleis dei skal svare på denne fryktelege handlinga av hat, nasjonalisme og framandfrykt».

Enn så lenge har ikkje det norske UD fått nokon offisiell protest frå Kreml i forbindelse med saka.

Tuva Raanes Bogsnes

Kommunikasjonssjef i UD, Tuva Bogsnes, vil ikkje kommentere om videoepisoden blir eit tema på politisk nivå mellom Noreg og Russland.

Foto: William Jobling / NRK

UD tar likevel sterk avstand frå innhaldet i ytringane til den norske diplomaten.

– Utanriksdepartementet beklagar sterkt denne hendinga. Desse utsegnene illustrerer på ingen måte norsk politikk eller norske haldningar overfor russarar, seier kommunikasjonssjef i UD, Tuva Bogsnes.

UD vil ikkje seie noko om denne saka vil bli kommentert på politisk nivå.

– Saka blir no handtert internt i Utanriksdepartementet, fortel Bogsnes.

Generalkonsulatet i Murmansk

Det norske generalkonsulatet i Murmansk blei mellombels stengt 1. juli i sommar. Norsk UD har informert om at stenginga kan bli langvarig.

Foto: Generalkonsulatet i Murmansk

Fillesak blåst ut av proporsjonar

Spesialist på diplomati, Iver B. Neumann, meiner dette eigentleg er ei fillesak som blir blåst ut av proporsjonar. Episoden vil bli brukt internt for å bygge om ei historie om at heile verda hatar Russland, meiner han.

Iver B. Neumann, Fridtjof Nansens institutt

Spesialist på diplomati, Iver B. Neumann, meiner det er pussig at Russland blåser dette opp til ei svær sak på nasjonalt nivå.

Foto: Jan Dalsgaard Sørensen

– Ein ting er at ein norsk diplomat seier noko slikt, men det er også pussig at russarane gjer dette til ei svær sak på nasjonalt nivå. Russarane kjem til å køyre det til beinet er gnaga og så er det over, seier han.

Saka blir nok ikkje eit tema i kommunikasjonen mellom Noreg og Russland på offisielt hald, meiner Neumann og Nilsen.

– Talsperson Maria Zakharova har vore ein tirade av hatprat dei to-tre siste åra. Ho har kome med så mange rare utsegn mot land som Russland definerer som uvennlege. Vi skal ikkje ta det ho seier seriøst, seier redaktør Nilsen.

Zakharova

Talsperson for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, fortel at russiske styresmakter vil vurdere korleis dei skal reagere på hendinga med den norske diplomaten.

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

Tidlegare ambassadør i Litauen og Romania, Leif Arne Ulland, stiller også spørsmål til publiseringa av denne videoen.

– Ytringane frå den aktuelle diplomaten er beklagelege og representerer på ingen måte norske diplomatar sine syn på russarar og Russland, slik eg kjenner det. Samtidig stiller eg spørsmål til kvifor ein på russisk side har funne det opportunt å offentleggjere denne episoden, skriv han til NRK.

Les også Norsk diplomat i Russland: – Jeg hater russere

NRK har forsøkt å kome i kontakt med fleire representantar i den norske utanriks- og forsvarskomiteen. Få har svart på førespurnaden.

– Eg forstår at diplomatar og andre er veldig sinte og frustrerte over Russlands oppførsel i Ukraina, men det å bruke så sterke ord og seie at ein hatar Russland og russarar kollektivt, det meiner eg er uhøyrt, seier komitémedlem Christian Tybring-Gjedde (Frp).

SISTE NYTT

Siste nytt