Hopp til innhold

Vurderer video av norsk diplomat som provokasjon frå russisk etterretning

Nettavisa Barents Observer valde å ikkje publisere videoen av ein norsk diplomat som på eit hotell i Murmansk gir uttrykk for at ho hatar russarar. – Ei kontrollert utsending frå russisk etterretning, seier redaktør.

Denne videoen har skapt mykje rabalder og framkalla sinne blant russarar. – Den passar inn i ei historie i Russland om at utlandet, inkludert Noreg, er fiendtleg innstilt ovanfor Russland, seier Thomas Nilsen.

Laurdag morgon blei ein video av ein norsk diplomat publisert av den russiske nettstaden Mash over det sosiale mediet Telegram.

Videoen viser den norske diplomaten som kjem med fleire stygge ytringar mot Russland og russarar til dei tilsette på hotellet Azimut i Murmansk. Hendinga skal vere frå tidlegare i sommar.

Redaktør i nettavisa Barents Observer, Thomas Nilsen, fortel at dei mottok denne videoen for ei stund tilbake, men valde å ikkje publisere han.

– Vi vurderte dette som ein openberr provokasjon frå russisk etterretning og valde dermed å ikkje omtale denne videoen, seier han.

Les også Norsk diplomat i Russland: – Jeg hater russere

Videoen har søndag ettermiddag om lag 850.000 visningar. Ifølge Nilsen er videoen spreidd for å diskreditere Noregs omdøme.

– Det er ei god påminning om at viss ein er på eit hotell i Russland er etterretninga til stades med videoovervaking, spesielt mot dei som er i ei yrkesgruppe som russisk etterretning vil ha eit auge på, seier han.

– Dette hotellet er kjent for å plassere utanlandske gjester på dedikerte rom kor det er videoopptak, lydopptak og så vidare. Det finst ingen moglegheiter å få sendt slikt materiale ut viss ikkje det er ei kontrollert utsending frå russisk etterretning, seier Nilsen.

Thomas Nilsen

Thomas Nilsen i nettavisa Barents Observer seier videoen er ein openberr provokasjon frå russisk etterretning.

Foto: Tormod Strand / NRK

Passar inn i Russlands historie om omverda

Videoen ser ut til å først vere publisert av den russiske nettstaden Mash. Dei skriv at russisk politi etterforskar hendinga.

Ei rekke norske medium og nyheitsbyrået AFP har omtala hendinga, i tillegg til dei russiske nyheitskanalane og nyheitsbyråa Russia Today, Tass og Ria.

– Det her passar inn i ei historie i Russland om at utlandet, inkludert Noreg, er fiendtleg innstilt overfor Russland. Når ein då kan feste slike ytringar på ein norsk diplomat så vil dette veldig fort bli sett på som eit offisielt norsk syn på Russland, noko som sjølvsagt, i aller høgaste grad, ikkje stemmer, seier Nilsen.

Lena Norum Bergeng

Ordførar i Sør-Varanger kommune, Lena Norum Bergeng, seier det er flaut å sjå åtferda til den norske diplomaten.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

– Skammeleg

I sommar 1. juli blei det norske generalkonsulatet i Murmansk mellombels stengt ned.

Ordførar i Sør-Varanger kommune, Lena Norum Bergeng, synest hendinga som kjem fram er skammeleg.

– Eg synest ikkje nokon skal oppføre seg slik mot andre. Det her er flaut, seier ho.

– Kva gjer dette med det norsk-russiske samarbeidet?

– Det gjer iallfall ikkje forholdet betre, når vi oppfører oss slik mot kvarandre. Eg synest det her er beklageleg, at vaksne menneske skal oppføre seg slik, seier ho.

Trass i hendinga trur ikkje Bergeng forholdet mellom dei som bor i nord og deira russiske naboar blir forandra.

– Nå tenkjer eg at dette fyrst og fremst er på diplomatnivå. Så får vi stelle oss til våre naboar slik vi alltid har gjort – med respekt og verdigheit, seier ho.

Uzbekistan Shanghai Cooperation Organisation

Maria Zakharova i det russiske utanriksdepartementet seier dei no skal sjå korleis dei skal gå vidare. Her med utanriksminister Sergej Lavrov.

Foto: AP

Diplomaten det gjeld har blitt spurt om å kommentere saka til NRK, men har endå ikkje svart på førespurnader frå media.

Veldig uheldig

Redaktør Thomas Nilsen ser at forholdet mellom Noreg og Russland har vore på is over tid.

Han trur ikkje dette får nokon konsekvensar for det norsk-russiske samarbeidet som «allereie er på frysepunktet».

– Men eg er heilt einig med utanriksdepartementet at det her kjem veldig uheldig ut for norsk diplomati sin del. Samtidig vil eg anta at hovudgrunnen blant dei som har spreidd denne videoen ifrå russisk etterretning har hatt som formål å diskreditere Noreg, seier Nilsen.

Talsperson for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, fortalde at dei no vurderer korleis dei vil reagere på hendinga.

– Det russiske utanriksdepartementet vurderer no korleis vi skal svare på denne forferdelege handlinga av hat, nasjonalisme og framandfrykt, skriv Zakharova til den russiske nyheitskanalen Russia Today.

Andrej Tsjibis

Guvernør i Murmansk Andrej Tsjibis (t.h.) reagerte sterkt på videoen av den norske diplomaten.

Foto: Murmansk fylke

Guvernør: – Dra til helvete frå Russland

Murmansk sin guvernør Andrej Tsjibis er ein av mange i Russland som laurdag reagerte sterkt då videoen blei kjend for offentlegheita.

– Vi skal ikkje tolerere russofobi i vårt land. Alle som hatar russarar, kan dra til helvete frå Russland, skriv han på sin Telegram-konto.

Det norske utanriksdepartementet fortalde i går at dei beklagar sterkt at hendinga skjedde.

– Ytringane reflekterer på ingen måte norsk politikk eller norske haldningar overfor Russland og russarar. Saka blir no følgd opp internt i departementet, sa kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes i UD.

SISTE NYTT

Siste meldinger