Hopp til innhold

Bryr seg ikkje om ultimatum

Thailandske styresmakter seier at dei om kort tid vil innleie ein operasjon som skal fjerne dei demonstrerande raudskjortene frå området dei har okkupert i sentrum av Bangkok. Raudskjortene nektar å gi seg.

Thailand Politics

Raudskjortene i Bangkok har ingen planar om å stanse demonstrasjonane.

Foto: Wong Maye-E / Ap

Hæren er klar til å aksjonere mot opprørarane.

Thailandske soldatar er klare til aksjon mot raudskjortene.

Foto: David Longstreath / Ap

Raudskjortene hadde frist til klokka 10 norsk tid med å fjerne seg. Om dei ikkje gjer det, vil soldatane gå til aksjon, heiter det i ei fråsegn frå statsministerens kontor.

Etter at tidsfristen hadde gått ut sa ein talsmann for politiet at rundt 5000 raudskjorter ikkje ser ut til å ville stanse opprøret.

LES OGSÅ: Angrep mot hotell i Bangkok

LES OGSÅ: Bangkok: 33 drept siden torsdag

Thailandske soldatar forsterkar stillilngane sine i sentrum av Bangkok.

Thailandske soldatar forsterkar stillilngane sine i sentrum av Bangkok.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

Det blir rapportert frå Bangkok at folk dansar og syng inne i leiren til raudskjortene, og det ikkje er noko som tyder på at dei har tenkt å gi seg. 400 born og eldre, som har vore saman med raudskjortene, er flytta til eit tempel inne på området.

Eit småfly har i dag floge over området der demonstrantane oppheld seg og kasta ut tusenvis av flygeblad med sterke oppmodingar frå styresmaktene om å avslutte aksjonen.

- Ein aksjon for å få slutt på opprøret vil bli sett i verk så snart det er praktisk mogleg, seier Satit Wonghongtey, statsråd ved statsministerens ontor.

Ein thailandsk general, som var ein av leiarane for raudskjortene, er død av skadane han fekk då han vart skoten sist veke, opplyser kjelder ved sjukehuset der han har vore innlagd.

Khattiya Sawasdipol (58), kjend under kallenamnet Sweh Daeng, vart skoten medan han vart intervjua av ein utanlandsk journalist.

35 menneske er hittil drepne i uroa i Bangkok, medan 244 er såra. Ein thailandsk soldat er blant dei drepne.

Varslar militæraksjon mot raudskjortene i Bangkok.

Styresmaktene i Thailand vil fjerne opprørarane frå sentrum av Bangkok.

Foto: Wally Santana / Ap

LES OGSÅ: – Bangkok er på randen av borgerkrig

LES OGSÅ: Rødskjortene: – Militæret bruker skarpskyttere

LES OGSÅ: - Trygt å reise til Thailand

SISTE NYTT

Siste nytt