Hopp til innhold

Britisk tankesmie: Ni-timars arbeidsveker kan møte klimakrisa

Europearar må kutte drastisk i talet på arbeidstimar kvar veke for å møte klimautfordringane, meiner britisk tankesmie i ny rapport.

Klimademonstrasjon i Sveits

Vi må kutte i dramatisk i talet på arbeidstimar i framtida skal vi nå klimamåla, ifølgje den britiske tankesmien Autonomy.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Vi må jobbe dramatisk mindre enn vi gjer i dag, skal vi tru dei radikale forslaga frå tankesmien Autonomy.

– Det er naudsynt at vi blir late, slår artikkelforfattaren, Philipp Frey, bak rapporten fast.

Etter at FN slo alarm om tilstanden til naturen, har den britiske tankesmien Autonomy gjort ein studie og stilt spørsmål om kva som må til for å redde naturen og klimaet vårt.

For arbeidstakarar i Storbritannia er det optimale å jobbe ni timar i veka, ifølgje tankesmien. I studien føreslår dei at Sverige må kutte til 12 arbeidstimar i veka, og at Tyskland berre skal jobbe seks timar i veka.

I Paris-avtalen blei det internasjonale samfunnet einige om at vi skal avgrense temperaturauken på kloden til mellom 1,5 til 2 grader. Skal vi nå målet må vi redusere den økonomiske aktiviteten, meiner tenkjetanken.

Les også: Nordmenn blant verstingene på globalt klimaavtrykk

– Forfriskande

Ifølgje Autonomy vil eit kutt på til dømes ein arbeidsdag i veka vere lite nyttig viss målet er å redusere karbonutsleppa til eit berekraftig nivå.

Tankesmien meiner det er naudsynt å handle, sidan klimakrisa aukar.

– Viss økologisk berekraft krev nedgang i forbruket, vil vi få ein auke i fritid. Fritid vil ikkje berre vere eit gode, men det er også heilt naudsynt, skriv Frey i studien som blant anna er omtalt i The Independent.

Magnus Marsdal er leiar i Manifest tankesmie

Forfriskande forslag meiner Magnus Marsdal, leiar i Manifest tankesmie, om forslaget frå Autonomy.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Det er forfriskande at dei tenker på kva vi faktisk treng, i staden for å berre springe hovudlaust rundt. Det finst ganske mange bullshit-jobbar som kontrollerer at andre har gjort jobben sin, som vi med fordel kunne rasjonalisert vekk, seier Magnus Marsdal, leiar i Manifest tankesmie.

Det er inga hemmelegheit at Marsdal og Manifest lenge har kjempa for kortare arbeidsdagar og ein arbeidstidsreform. Han trur grepa som Autonomy peikar på går i riktig retning, trass i at dei kanskje ikkje er heilt realistiske.

– Eg trur at nitimars arbeidsveke er urealistisk. Rett nok så vil ein enorm andel av årsverka vi utfører i dag bli automatisert bort i løpet av 20 år, men dette er nok meir meint som eit akademisk reknestykke utifrå kor mykje CO₂-belastning vi kan påføre kloden. Og det trur eg er litt sunt, å vise fram kor lite det er, seier Marsdal.

«Earth Overshoot Day» kom første august.

1. august i 2018 var «Earth Overshoot Day».

Marsdal meiner rapporten frå Autonomy er verdifull fordi den peikar fram mot moglegheitene for forbetring.

– Det trengst sårt etter fleire tiår med skremselspropaganda der vi har slutta å tru på positiv endring fordi vi heile tida blir fortalt at vi ikkje har råd til felles velferd for å få pensjon.

– Vil krevje dramatiske kutt i velferdstenestene

Heller ikkje Haakon Riekeles, samfunnsøkonom i tankesmien Civita, ser på forslaget frå Autonomy som realistisk.

Haakon Riekeles
Foto: Civita

– Dei beskriv ikkje korleis vi skal få til å redusere velstanden med tre fjerdedelar. Dette er ei rekneøving, ikkje eit politisk forslag, seier Riekeles.

Det er ikkje berre privat velstand som må reduserast kraftig, det vil også gå utover offentlege velferdstenester innan helse- og utdanningsinstansar, meiner han.

– Det står fram for meg som at dei har ein ideologisk overtyding om at mindre arbeid er ei løysing i seg sjølv og så prøver dei å kople det til problemet om klima. Det å tru at ein skal nå heile klimaproblemet ved å berre jobbe og forbruke mindre vil gje ein dramatisk tilbakegang i velferda, seier samfunnsøkonomen.

Han meiner det er betre å redusere klimagassutsleppa ved å omstille økonomien, slik at ein kan sikre dagens velstandsnivå med lågare utslepp

– Det er avgjerande at utsleppsintensiteten går ned. Klarer vi ikkje det, har vi eigentleg ingen moglegheit for å nå klimamåla. Det tala frå Autonomy eigentleg illustrerer, er at knapt nokon vil vere for ein nedgang i levestandard når ein får synleggjort konsekvensane, seier Riekeles.

SISTE NYTT

Siste nytt