Dei to britane Aiden Aslin og Shaun Pinner vart viste fram saman med marokkanaren Saaudun Brahim i ein video frå eit rettsmøte som det russiske statlege nyheitsbyrået Ria Novosti har publisert, skriv BBC.
Aslin og Pinner er mellom anna tiltalte for å ha prøvd å «ta makta», skriv The Independent.
Separatistleiar Denis Pusjilin sa måndag at det ikkje kan utelukkast at mennene blir dømde til døden. Torsdag melder russiske medium at dommen er eit faktum.
Det statlege russiske nyheitsbyrået RIA skriv at dei tre mennene truleg vil bli skotne. Dei vil få moglegheit til å anke dommen og har fått ein tidsfrist på ein månad, ifølgje RIA.
Britiske styresmakter: – Djupt bekymra
Ein talsperson for Storbritannias statsminister Boris Johnson seier dei er djupt bekymra.
– Vi har sagt gjentatte gonger at krigsfangar ikkje skal bli utnytta til politiske formål, seier talspersonen ifølge nyheitsbyrået Reuters.
– Vi vil fortsette å jobbe med Ukrainske styresmakter for å prøve å sikre løyslating av britiske statsborgarar som har tenestegjort med Ukrainske styrker, og som no vert haldne som krigsfangar.
Den britiske utanriksministeren Liz Truss skriv på Twitter at ho fordømmer dommane.
– Mine tankar er med familiane. Vi held fram med å gjere alt vi kan for å støtte dei, skriv ho vidare.
Propagandavideo
Det er styresmaktene i den sjølverklærte folkerepublikken Donetsk (DPR) i Aust-Ukraina som har sendt ut propagandavideoen frå rettssalen der dei tre utlendingane er skulda for å vere leigesoldatar.
I videoen synest Aslin å seie seg skuldig i lovbrot som omhandlar våpen og eksplosiv. Medan skuldinga mot han vart lese opp, stod han oppreist og las gjennom fleire sider med rettsdokument.
Britane og marokkanaren var blant over 2000 soldatar som overgav seg etter å ha forsvart stålverket Azovstal i Mariupol. Dei er skulda for ei rekke lovbrot, inkludert for å ha trent på å utføre terroråtak i Donetsk, ifølgje lokale separatiststyresmakter.
Domstolen i folkerepublikken DPR er ikkje internasjonalt anerkjend.
Dei to britane seier dei tenestegjorde saman med vanlege militæreiningar i Mariupol, og at dei dermed bør ha vern som krigsfangar, i tråd med Genèvekonvensjonen.
Slektningar av Aslin seier til The Independent at dei samarbeider med det britiske utanriksdepartementet og den ukrainske regjeringa for å få han heim.
Russisk kontroll i Sievjerodonetsk
Det meste av byen Sievjerodonetsk skal no vere under russisk kontroll. Ifølgje CNN hadde ukrainske spesialstyrkar kontroll over nesten halve byen tidlegare i veka, men dei siste dagane har russiske styrkar intensivert luftåtaka.
– Russarane øydelegg alt. Dei skyt med kanonar og stridsvogner mot bustadblokker, seier Serhiy Hayday som leiar Luhansk militæradministrasjon til den ukrainske nyheitsnettstaden RBC-Ukraine.
LES OG: