Hopp til innhold

Økonomisk blåmåndag kan gje ny pipekonsert etter Rouseff-siger

Brasil vakna mandag til børsar, aksjekursar og valuta i fritt fall. Dilma Rousseff sin valsiger var ikkje det finansfolket i landet hadde håpa på – og presidenten risikerer reprise på pipekonserten frå VM når det er duka for OL om halvanna år.

BRAZIL-ELECTION/ Supporters of Neves of the PSDB react to the results of the Brazil general elections in Belo Horizonte

Tilhengjarane av presidentkandidaten Aecio Neves måtte sjå sin favoritt tape valet i går, og det førte til tårer. Også i Brasils finansielle verd er det mange som stikker såra dagen etter at Rousseff vart velt til president for fire nye år. Dei har ikkje trua på at ho vil få fart på Brasils økonomi igjen.

Foto: WASHINGTON ALVES / Reuters

BRAZIL-ELECTIONS/ Brazil's President and Workers' Party presidential candidate Rousseff celebrates after disclosure of the election results, in Brasilia

Det var ho som til slutt kunne strekke sigersarmen i vêret etter eit jamt val. President Dilma Rousseff går fire harde år i møte, meiner ekspertane.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters
BRAZIL-ELECTION/ Supporters of Neves of the PSDB react to the results of the Brazil general elections in Belo Horizonte

For nokon var tanken på fire nye år med Dilma Rousseff som president i Brasil ikkje til å halde ut.

Foto: WASHINGTON ALVES / Reuters

Det vart ein blåmåndag for Brasils finansverd. Sao Paolo-børsen gjekk ned seks prosent, den brasilianske valutaen gjekk ned fire prosent, samanlikna med den amerikanske dollaren, og verdien på aksjane til den statseigde oljegiganten Petrobras sank med over 13 prosent i dag.

Brasils finansinstitusjonar reagerte kraftig på resultatet av gårsdagens jamne val i Brasil, der president Dilma Rousseff vart velt om att til fire nye år.

– Store utfordringar

Det var Rousseff sin motstandar Aecio Neves som var finansfolkets favoritt, og mange tviler på at Rousseff er kvinna som skal få fart på Brasils økonomi etter fleire år med stillstand.

LES OGSÅ: Rousseff gjenvalgt i Brasil

LES OGSÅ: Valgvinner Dilma lover endring

– Brasil står framfor store utfordringar dei neste fire åra, seier samfunnsgeograf og forfattar Torkjell Leira, som tidlegare i år gav ut bok om Brasil.

– Det har gått bra på 2000-talet så langt. Det har vore ein fantastisk fattigdomsreduksjon og avskoginga av Amazonas har minska til historisk låge dimensjonar, men alt tyder på at dette vert vanskeleg å halde ved like dei neste fire åra, seier Leira.

BRAZIL-ELECTION-CONCESSION Presidential candidate Neves of the PSDB arrives to give a speech after learning the results of the Brazil general elections in Belo Horizonte

Han vart valets overrasking, men tapte på målstreken. Aecio Neves var finans-Brasils favoritt, men tapte til slutt.

Foto: SERGIO MORAES / Reuters

Neves var næringslivets favoritt

Han meiner den noverande politikken i Brasil vil bli vanskeleg å halde ved like.

– Det har vore vekst heilt fram til no, men no har det stoppa opp. Brasil har levd på høge råvareprisar, og hatt overskot nok i budsjetta til å finansiere ei satsing på dei fattige. Men no er det teknisk resesjon og nullvekst, og det er krise for alle økonomiar som ønskjer å vekse mykje, seier Leira.

For fem år sidan var Brasils vekst på 7,5 prosent, medan den i år ligg an til å bli på berre ein prosent.

Leira meiner dagens nedtur på brasilianske børsar og verditapet til landets valuta var akkurat som venta.

– Næringslivets store favoritt var Neves, fordi han har eit økonomisk program som er meir i deira interesse.

Leira viser til at Neves tek til orde for mindre statleg innblanding i næringslivets verksemd, samt meir privatisering av marknaden og statlege verksemder.

Maner til dialog

Etter ein opprivande valkamp, med mange harde ord mellom dei to presidentkandidatane, er det mange ekspertar som no meiner ein står overfor eit splitta Brasil. Dialog og samhald var noko av det første Rousseff heva fram i sin takketale til folket, og det er viktig, meiner forskar og Brasil-kjenner Einar Braathen.

– Det er viktig at dette landet blir verande eit samla land, og den takketalen ho hadde var interessant, der ho lova å høyre på kravet frå folket i Brasil. Og det viktigaste kravet frå opposisjonen si side har vore behovet for reformer, særskild mot korrupsjon, seier Braathen som er forskar ved Norsk institutt for by- og regionsforsking.

I sin takketale sa Rousseff at det no vil bli gjennomført ei folkerøysting om ein politisk reform i Brasil. Mange kritikarar meiner at dagens system bidreg til korrupsjon.

LES OGSÅ: Anklaget Brasils president for korrupsjon

Trur på ny pipekonsert

I dag må politiske vedtak gjennom omfattande handsaming i kongressen, og mange politikarar er finansierte av næringslivet. Dette er blant tinga Rousseff no vil til livs.

– Det er eit system kor ein må gå inn i breie samarbeid for å få fleirtal i den brasilianske kongressen. Og der er det mykje korrupsjon for å få politikk til å bli gjennomført. Ein må få eit nytt politisk system kor det er mogleg å få regjeringsdyktige fleirtal i kongressen, meiner Braathen, og legg til:

– Problemet er at det i Kongressen sit gamle politikarar som er velt på den gamle måten, og dei er ikkje like begeistra.

Dilma Rousseff måtte tole mykje kritikk under sommarens fotball-VM, der pipekonsertane mot ho vart kringkasta til heile verda. Om halvanna år er det duka for OL i Rio de Janeiro, og Torkjell Leira trur det fort kan bli ein ny pipekonsert då.

– Om ho får til ein politisk reform, ein stopp på korrupsjon og får gang på økonomien igjen, så kan ho vente applaus under opninga av OL i Rio om to år. Men det er altfor store spørsmål til å løyse på så kort tid, så utsiktene for ein ny pipekonsert på to år er ganske stor.

SISTE NYTT

Siste nytt