Hopp til innhold

Brasiliansk filmstjerne ettersøkt for politidrap

Ein av barneskodespelarane frå den kritikarroste filmen «Guds by» er mistenkt for å ha drepe ein politimann i ein av Rio de Janeiros favelaer søndag.

Favelaen Vidigal

OPP, spesialpolitiet som patruljerer favelaene i Rio, har vore til stades i Vidigal sidan 2012. Her frå ein patrulje i oktober 2015. Vidigal er eit populært område for turistar.

Foto: Felipe Dana / Ap

Det er det brasilianske nyheitsmagasinet Veja som melder at den no 34 år gamle Ivan da Silva Martins er mistenkt for å ha drepe ein politimann i Vidigal-favelaen, der han skal ha kontrollert narkosalet.

Det var nettopp narkotika, vald og fattigdom i Brasils nest største by som var tema for filmen, «Cidade de Deus» på portugisisk, frå 2002, der Ivan da Silva Martins hadde ei lita rolle – som medlem i ein narkogjeng.

Var med i teatergruppe for ungdom i favelaen

«Livet imiterer kunsten», skriv den brasilianske avisa O Globo om hendinga, og fortel at den tidlegare skodespelaren allereie har fleire valdsdommar bak seg og har vore i fengsel, men slapp ut i 2011. I februar skal det ha blitt utskrive ei arrestordre på Martins for organisert kriminalitet.

Capoeira opptrer for Nos do Morro

Kulturgruppa Nos do Morro prøvar å gi dei unge i Vidigal eit alternativ til vald og narkotika. Her opptrer capoeira-meistrane Ninho (t.h) and Carlo Alexandre medan den britiske skodespelaren Greg Hicks speler trommer.

Foto: PILAR OLIVARES / Reuters

Martins var med i kulturgruppa Nós do Morro som forsøker å gi unge i favelaene eit alternativ til vald og kriminalitet. Fleire av dei andre skodespelarane frå «Guds by» var også med her, og mange har heldt fram med karrierar i film og tv seinare. Nyleg var ein av dei, Diogo Sales, med i den populære tv-serien «Game of Thrones».

Medskodespelar Leandro Firmino, som spelte rollefiguren Zé Pequeno, er intervjua i avisa Extra om hans reaksjon etter han fekk høyre om dette.

– Alltid når eg høyrer desse historiene blir eg svært trist av å vite at ein person som dette ikkje veit korleis dei skal gjere dei rette vala i livet, seier Firmino.

Favelaen City of God i Rio

Favelaen Cidade de Deus som er inspirasjonskjelda til filmen med same namn. Her får barn utdelt søtsaker frå frivillige organisasjonar.

Foto: Leo Correa / AP

Valdsnivået aukar – politiet drep og blir drepne

Det var den 46 år gamle Hudson Silva de Araújo som mista livet på jobb i Vidigal søndag, ifølge Unidade de Polícia Pacificadora (OPP), eit spesialpoliti som kjempar ein hard kamp mot narkotikahandel i dei fattige byområda.

demonstrasjon til støtte for politiet i Rio

Familiemedlemmer av Rios politifolk demonstrerte i Rio i helga. Dei meiner noko må gjerast for det som har vist seg å vere eit livsfarleg yrke.

Foto: MAURO PIMENTEL / AFP

Tobarnsfaren blei med det den 91. i rekka av politimenn som er drepen i Rio de Janeiro så langt i år. Det er allereie fleire enn i heile fjor totalt.

Brasils regjering annonserte sist veke at dei vil setje inn 1000 politifolk ekstra i millionbyen. Likevel demonstrerte slektningar av politifolk i helga mot det dei meiner er ressursmangel for Rio-politiet i kampen mot vald og kriminalitet.

Og i takt med ei generell auke i valden har også talet på folk drepne av politiet auka. Amnesty International har uttrykt uro i ein rapport etter at fleire enn 800 blei drepne av politiet i Rio i 2016.

Sjå den danske reportasjen om krigen mellom politiet og narkobandane i Urix

Politiransaking

Fleire omtaler forholdet mellom politiet og narkotikaseljarar i favelaene som ein regelrett krig. Her frå ein razzia 17. juli i Mangueira-favelaen.

Foto: MAURO PIMENTEL / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt