Normal

BP prøver å få på plass ny hette

Oljen strøymer no fritt ut i Mexicogolfen igjen, medan BP arbeider med å plassere ei ny hette over den øydelagde oljebrønnen.

Oljen strøymer fritt ut frå den øydelagde oljebrønnen.

Oljen strøymer no fritt ut frå den øydelagde oljebrønnen.

Foto: Anonymous / Ap

Det blir arbeidd på spreng for å få på plass ei ny hette over oljelekkasjen.

Det blir arbeidd på spreng for å få på plass ei ny hette over den øydelagde oljebrønnen.

Foto: Marc Morrison / Ap

Undervassrobotar har lukkast med å fjerne den gamle hetta, men det vil ta fleire dagar å få på plass ei ny og betre hette, opplyser BP.

I går uttrykte BP håp om den nye hetta skulle greie å stanse utsleppet fullstendig. Men selskapet åtvarar mot for stor optimisme.

- Det er ingen garanti for suksess på så djupt vatn, seier ein talsmann.

LES OGSÅ: BP fjernet hetten – oljen lekker fritt

LES OGSÅ: Nytt forsøk på å stanse lekkasjen

I mellomtida strøymer altså oljen fritt ut i Mexicogolfen igjen, truleg rundt 60.000 fat i døgnet. Den gamle hetta greidde å samle opp 15.000 fat i døgnet, men no er håpet at den nye installasjonen greie å stanse heile utsleppet.

BP håpar at det nye anlegget vil få ein kapasitet på 80.000 fat olje i døgnet.

Det totale utsleppet truleg på opp mot 7,6 millionar fat olje. Dette er den verste oljekatastrofen i USA nokon gong. Til samanlikning var lekkasjen etter «Exxon Valdez»-havariet i 1989 på 750.000 fat olje.

Oljelekkasjen i Mexicogolfen starta 20. april i år etter ein eksplosjon om bord på boreplattformen «Deepwater Horizon»

LES OGSÅ: Flyttar 70.000 skilpaddeegg

LES OGSÅ: Opphevet forbud mot dypvannsboring

LES OGSÅ: Gir BP frist på 24 timar

Fleire spesialskip deltek i oppsamlinga av olje.

Fleire spesialskip deltek i oppsamlinga av olje i Mexicogolfen.

Foto: Marc Morrison / Ap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt