Hopp til innhold

Blodig IS-angrep i Aden - guvernøren drepen

Guvernøren i hamnebyen Aden i Jemen, Jaafar Mohammed Saad, vart drepen saman med seks andre i følgjet sitt på veg til jobb i dag tidleg. IS seier dei står bak sjølvmordsangrepet.

Kort video av brennende rester av bilen.

VIDEO: Minst sju drepne i sjølvmordsangrep i Aden.

Det vart først meldt at bilkortesjen Jafar køyrde vart angripne med propelldrivne granatar, men fleire kjelder melder at ein bil fullasta med eksplosiv køyrde inn i bilen til guvernøren.

Jaafar Saad, guvernøren i Aden, drepen i bombeangrep.

Guvernøren i Aden, Jaafar Mohammed Saad, vart drepen saman med minst seks andre i eit angrep mot bilkortesjen hans i dag tidleg.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / Afp

IS skriv i ei meldingsteneste dei nyttar på Internett at dei står bak angrepet, og dei hevdar at åtte av livvaktene til guvernøren vart drepne i angrepet. Dei hevdar at det var ein nøye planlagt operasjon, og at det er ein del av kampen mot dei «fråfalne» i Jemen.

Mange såra

Angrepet skjedde i Tawahi-distriktet i Jemen, og eit ukjent tal menneske vart såra.

IS har trappa opp angrepa sine i Jemen etter at det braut ut borgarkrig i landet, og IS har vorte ein farleg rival til grupperinga Al Qaida på den arabiske halvøy (AQAP).

Borgarkrigen i Jemen er i hovudsak mellom den iranskstøtta Houthi-militsen og regjeringsstyrkane, støtta av Saudi-Arabia og andre land i Persiabukta. Houthi-militsen hadde i ein periode kontroll over Aden, men vart kasta ut av regjeringsstyrkane og den saudileidde koalisjonen.

Sjølvmordsangrep i Jemen.

Den pansra bilen til guvernøren i Adem vart fullstendig øydelagt i eit sjølvmordsangrep i Aden i dag tidleg. Guvernøren og minst seks andre vart drepne.

Foto: NASSER AWAD / Reuters
Sjølvmordangrep i Aden.

Det var ein enorm eksplosjon då bilen til guvernøren i Aden vart ramma av eit køyretøy fylt med eksplosiv.

Foto: NASSER AWAD / Reuters

Maktvakuum

Onsdag denne veka tok AQAP kontroll over dei to byane Zinjbar og Jaar sør i landet. Ifølgje lokale kjelder utbyttar Al Qaida-grupperinga maktvakuumet som har oppstått i området som følgje av borgarkrigen.

I går vart ein høgare offiser i hæren og ein dommar drepne av ukjende gjerningsmenn. Dommaren har delteke i rettssaka mot militante som var delaktige i angrepet mot det amerikanske marinefartøyet USS «Cole» i Aden i 2000.

Cellegift mot terrorisme

Midtøsten – vår tids gordiske knute

Sammenligner Jemen med Syria: 7,5 millioner mennesker sulter

aden

SISTE NYTT

Siste nytt