Hopp til innhold

Blodig dag på Sri Lanka

Fredsforhandlingane på Sri Lanka er i fare etter nye harde kampar. Fleire titals menneske er drepne på begge sider.

Dei harde kampane nord på Sri Lanka har ført til auka tryggingstiltak i hovudstaden Colombo.
Foto: LAKRUWAN WANNIARACHCHI / AFP

Minst 200 er såra i kampane etter at regjeringshæren starta ein offensiv mot LTTE-geriljaen, også kalla Tamiltigrane.

Den srilankiske regjeringshæren opplyser at dei har drepe svært mange geriljasoldatar, medan LTTE-geriljaen oppgir sine tapstal til 10.

 

- Slo tilbake

LTTE-geriljaen hevdar å ha teke livet av minst 75 regjeringssoldatar, men regjeringshæren avviser talet.

- Vi har funne 75 døde regjeringssoldatar. Dei gjekk til åtak på oss, og vi slo dei tilbake, seier den militære talsmannen til LTTE-geriljaen, Rasiah Ilanthiraiyan til nyheitsbyrået Reuters.

LTTE seier at regjeringsstyrkane prøver å trengje inn i område som blir kontrollert av geriljaen, og at dei nyttar rakettar og tungt artilleri i kampane.

Kampane nord på Sri Lanka har ført til auka frykt for at dei planlagde fredsforhandlingane som Noreg har fått i stand skal bli avlyste. Krigshandlingane skal vere dei hardaste sidan partane inngjekk våpenkvileavtale i 2002.

I går trua LTTE-geriljaen med at nye angrep frå regjeringshæren ville føre til full krig igjen.

Storoffensiv

Ein talsmann for den norskleidde observatørstyrken på Sri Lanka seier til Reuters at dersom det er tilfelle at LTTE-geriljaen har teke livet av 75 regjeringssoldatar, så tyder det på at regjeringsstyrkane har sett i verk ein storoffensiv.

Ein anonym diplomat seier at dersom dette verkeleg er ein storoffensiv frå regjeringshæren, så står fredsforhandlingane i fare.

Fleire analytikarar og diplomatar fryktar at Tamiltigrane har gått med på nye fredsforhandlingar berre for å vinne tid til å omgruppere seg etter fleire militære nederlag den siste tida.

Høgare offiserar i regjeringshæren som Reuters har snakka med, seier at dei er interesserte i å drepe så mange LTTE-opprørarar som mogleg før forhandlingane startar.

 

SISTE NYTT

Siste nytt