Hans Blix førebur ein ny rapport som skal leggjast fram for Tryggingsrådet fredag. (Foto: Herwig Prammer-Reuters)
- Irak har framleis ikkje prinsipielt bestemt seg for å avvæpne, og det er framleis manglar ved samarbeidet, seier Blix.
Men sjefen for våpeninspektørane, som førebur ein ny rapport som skal leggjast fram for Tryggingsrådet fredag, meiner Irak har styrkt innsatsen sin ved å gje våpeninspektørane dokument og andre opplysningar slik FN krev.
- Men ein kan ikkje snakke om fullstendig samarbeid eller eit gjennombrot. Vi har ei svært lang liste med spørsmål, og det gjenstår svært mykje før alle spørsmåla har fått svar, seier Blix.
- Vi har ikkje bevis for at Irak har bestemt seg for å avvæpne, men på den andre sida har vi nokre bevis for auka aktivitet, seier Blix.
- Det er absolutt meir aktivitet no, legg han til.
Dei neste par vekene skal våpeninspektørane levere to nye rapportar til Tryggingsrådet i FN, og den første altså komande fredag.