Hopp til innhold

Blei fråteke yachten– no ber oligarken innstendig om fred

Etter at italienske myndigheiter beslagla den enorme superyachten hans, ber oligarken Andrej Melnitsjenko om fred mellom Russland og Ukraina.

Andrej Melnitsjenko og yachten "A"

Andrej Melnitsjenko er ein av verdas aller rikaste menn. Han betalte om lag 5,4 milliardar kroner for seglyachten "A".

Foto: NTB

Men i meldingane han har sendt ut via Reuters, er det ikkje verdas største seglyacht han er uroa for.

– Krigen i Ukraina er ein tragedie som må stoppast, elles blir det ei global matkrise, skriv Melnitsjenko via ein talsperson i ein e-post til Reuters.

Han er på lista over dei oligarkane som no blir råka av direkte sanksjonar.

Oligarken, som har ein formue på om lag 11 milliardar dollar ifølgje Forbes, har nemleg investert store summar i produksjon av råstoff til kunstgjødsel.

Han blir av EU-kjelder skildra som ein av dei som er i Vladimir Putin sin inste krins, saman med andre oligarkar som no er råka av sanksjonane.

Selskapet Eurochem har lenge vore ein viktig leverandør for den norske gjødselprodusenten Yara.

Russland er den største eksportøren av råstoff til kunstgjødsel i verda.

Finance Police seizes superyacht from Russian billionaire Andrey Igorevich Melnichenko

Personell frå det italienske finanspolitiet gjekk til aksjon mot yachten "A" på eit verft i Trieste laurdag.

Foto: FINANCE POLICE / Reuters

Var i Noreg

For få dagar sidan gjekk italiensk politi til aksjon på eit verft i Trieste, der Melnitsjenko sin seglyacht "A" låg i dokk.

Den 142 meter lange og 25 meter breie skuta, er verdas største motorseglbåt og blei i si tid teikna av den kjende designaren Philippe Starck.

Då "A" brått ein dag la til kai i Kristiansand i 2017, vekte det stor merksemd.

Ved å gå til ei hamn utanfor EU, ville reiarlaget få 700 millionar kroner igjen av momsen dei hadde betalt det tyske skipsverftet.

Det synte seg at Melnitsjenko låg i ein rettsstrid med verftet som bygde skipet, og skipet blei tatt i arrest i Gibraltar til rekninga var betalt.

This photograph taken on March 10, 2022, shows a sailing yacht “A” owned by Russian oligarch Andrey Melnichenko in Trieste, Italy. - The sailing yacth “A” is the largest private sail-assisted motor yacht in the world. (Photo by Jure Makovec / AFP)

Seglyachten "A" er verdas største i sitt slag. Her ligg den på verftet i Trieste i Italia.

Foto: JURE MAKOVEC / AFP

Fødd i Kviterussland

Melnitsjenko er russisk statsborgar, men blei fødd i Kviterussland og mora er ukrainsk.

No ber han partane i krigen om å slutte fred.

– Som russar av nasjonalitet, kviterussar av fødsel og ukrainar av blod kjenner eg stor smerte og vantru når eg er vitne til broderlege folk som kjempar og døyr, seier han til Reuters.

Melnitsjenko sine selskap har om lag 100.000 tilsette.

Selskapa har investert for om lag 23 milliardar dollar i gjødsel- og kolproduksjon dei siste 15 åra, skriv Forbes.

Refugees fleeing Russia's invasion of Ukraine arrive in Poland

Ukrainske born får mat på eit flyktningsenter i Polen. FN fryktar no at matvareprisane vil gå rett i veret.

Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters

Fryktar høge matvareprisar

Russland og Ukraina er blant dei viktigaste produsentane av landbruksvarer i verda.

Dei eksporterer meir enn dei importerer, særleg gjeld dette kveite, mais, raps, solsikkefrø og matolje.

FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO), har analysert situasjonen. Dei fryktar at prisane på mat og dyrefor vil auke med 8 til 22 prosent.

Det kjem i tillegg til den auken ein alt har sett på mat, særleg i Europa.

Kart over Ukraina med antatt russisk fremrykning 1503

Kilde: Institute for the Study of War / Rochan Consulting / NRK. Oppdatert 14.03.22

Kilde: Institute for the Study of War / Rochan Consulting / NRK. Oppdatert 14.03.22

Les også Derfor er ikke Ukraina med i Nato

Les også Oligarkenes London

Oligarkenes London

SISTE NYTT

Siste nytt