Hopp til innhold

Ingen bombe på Ryanair-fly

Eit passasjerfly frå Ryanair som landa i Berlin utanfor den oppsette ruteplanen, har blitt undersøkt av politiet. Det skal ikkje dreie seg om ein bombe.

Ryanair-fly naudlanda i Berlin 30. mai 2021

Ryanair-flyet naudlanda i Berlin søndag kveld.

Foto: Christophe Gateau / AP / NTB

Siste: Tysk politi seier måndag at det ikkje var noko hald i trusselen mot et Ryanair-fly som naudlanda i Berlin i går. Det skriv nyhendebyrået AFP.

– Vi fekk eit tips på telefon og vi vart nøydd til å sjekka at det ikkje var nokon fare, seier politiet sin talsperson.

Politiet gav inga fleire opplysningar om flyet.

Flyet var på veg frå Dublin til Krakow og landa av ukjende årsaker i Berlin i 20-tida søndag kveld.

Ifølgje den tyske avisa Bild vart det retta ein bombetrussel mot flyet.

– Ryanair-flyet som naudlanda, rapporterte om ein naudssituasjon i lufta og fekk derfor umiddelbart landingsløyve i Berlin, sa talsmann for flyplassen, Jan-Peter Haack, til Bild.

Ryanair FR1901 nødlandet i Berlin 30. mai 2021

Då flyet var over Brandenburg, tok det ein brå sving nordover, før det landa i den tyske hovudstaden.

Foto: Skjermdump Flight Radar 24

Flyet vart omringa av fleire politibilar, og dei 160 passasjerane vart ført inn i terminalbygget.

Politiet og politihundar undersøkte deretter flyet og bagasjen, som vart samla utanfor flyet. Bagasjen vart seinare tatt med inn i terminalbygget.

Ryanair-fly naudlanda i Berlin 30. mai 2021

Flyet og bagasjen vart søkt gjennom av politi og bombehundar etter landinga.

Foto: Christophe Gateau / AP / NTB

Undersøkingane gjekk føre seg heile natta

Undersøkingane av flyet heldt fram inn i morgontimane måndag.

Klokka 3.46 blei det sette inn eit erstatningsfly slik at passasjerane kunne fortsette reisa til Polen.

Hendinga skjer ei veke etter at styresmaktene i Kviterussland omdirigerte er eit av Ryanairs passasjerfly, som vart tvinga til å lande i Minsk på grunn av ein bombetrussel. Like etter vart ein opposisjonell arrestert.

I juli i fjor måtte eit Ryanair fly frå Dublin til Krakow naudlande i London etter ein falsk bombe trussel, skriv AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt