Hopp til innhold

Biden seier Israel kan stoppe krig­føringa under ramadan

Den amerikanske presidenten meiner våpenkvile er innan rekkevidd. Hamas seier kommentarane er «forhasta».

Election 2024 Biden

Medan han var i New York nytta USA sin president Joe Biden høvet til å kjøpe seg iskrem – og fortalde frammøtte at han håpa på våpenkvile innan denne veka. Bak Biden står programleiar Seth Meyers.

Foto: Evan Vucci / AP

– Mitt håp er at vi har ein våpenkvile innan neste måndag, seier president Joe Biden.

Han var i New York måndag, og kom med utsegna medan han kjøpte iskrem med talkshow-verten Seth Meyers.

Ifylgje nyheitsbyrået AP sa Biden òg at han trur ein våpenkvile kan legge til rette for at dei attverande gislane haldne av Hamas blir frigjorde.

Rundt 130 personar som blei tatt til fange under 7. oktober-åtaket er framleis ikkje gjort greie for.

Ein Hamas-tenestperson seier tysdag morgon at ein mogleg stans i krigføringa ikkje samsvarar med situasjonen på bakken i Gaza.

Ifylgje Reuters omtalar Hamas Biden sine kommentarar som forhasta.

Skal ha fått utkast

Den islamistiske rørsla som styrer på Gazastripa skal ha fått eit utkast til avtale om våpenkvile, ifylgje nyheitsbyrået.

Der blir det omtala ein 40 dagar våpenkvile med pause i all militær aktivitet, og utveksling av palestinske fangar mot gissel tatt av Hamas.

For kvart gissel skal det lauslatast 10 palestinske fangar frå israelsk side, fortel ei sentral Hamas-kjelde til Reuters.

Utkastet omtalar ein fyrste og andre fase. Etter kvart skal Israel vere villig til å flytte sine styrkar vekk frå tett befolka område på Gazastripa.

Før den tid vil det vere nye forhandlingar om fase to.

Det er forhandlarar frå USA, Egypt og Qatar som jobbar med eit rammeverk for ein avtale. Det har ikkje enno kome reaksjonar frå Israel på Biden sin utsegner måndag.

Innan høgtida

Biden seier at Israel no har sagt seg villig til å stanse all militær aktivitet på Gazastripa under den muslimske høgtida ramadan.

Det skriv TV-kanalen ABC News.

Demonstrantar markerer i Tel Aviv

Kring 130 personar er framleis haldne som gissel av Hamas. Vener og familie viser sin støtte i den israelske byen Tel Aviv fredag.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Gisselutvekslinga skal vere ein føresetnad for at Israel stoppar krigføringa frå kring 10. mars til 9. april.

Hittil i krigen har nesten 30.000 personar blitt drepne i Gaza, ifylgje palestinske helsestyresmakter kontrollert av Hamas.

Nesten 70.000 skal ha blitt såra.

SISTE NYTT

Siste nytt