NRK Meny
Normal

Berømt diamant gjekk for 48,43 millionar dollar

Den vidgjetne diamanten «Blue Moon» vart selt for over 48 millionar dollar, 416 millionar norske kroner, på ein Sotheby's-auksjon i Sveits i kveld.

Diamanten «Blue Moon».

Rekorddiamanten «Blue Moon» gjekk for rekordprisen 48 millionar dollar på ein auksjon i Genève i kveld.

Foto: Martial Trezzini / Ap

Dette er den høgste summen som nokon gong er betalt for ein edelstein, og det er også rekordpris pr. karat, opplyser Sotheby's til nyheitsbyrået Reuters. Diamanten er på 12,03 karat.

Kjøparen er ein person frå Hongkong, blir det opplyst.

Ekspertar hadde på førehand rekna med at den enorme diamanten, som stammar frå ei gruve i Sør-Afrika, skulle går for mellom 35 millionar dollar og 55 millionar dollar.

I går vart ein rosa diamant selt for 247 millionar kroner på eine auksjon i auksjonshuset Christie's, også det i Genève. Diamanten er den største rosa varianten som er selt på auksjon nokon gong. Det er uklart kven kjøparen er.

van Gogh solgt for nesten 500 millioner kroner

Dylan dyrere enn Lennon

Samlar la ein million kroner på bordet for Astrup

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt