Hopp til innhold

Betalte ein million for å halde tyst om bunga bunga-party

Tidlegare statsminister i Italia, Silvio Berlusconi, skal ha betalt rundt ein million kroner til eit av vitna i rettssaka om mindreårige prostituerte.

Nicole Minetti

Nicole Minetti var ein av dei som har motteke pengar frå Berlusconi.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Det store pengebeløpet skal ha blitt utbetalt til tre vitne etter at rettssaka begynte i april i fjor. Han skal seinare ha lagt press på politiet i Milano for å halde tyst om skuldingane, skriv The Guardian.

Rettssaka mot Berlusconi handlar om seksuell omgang med den mindreårige marokkanske jenta Karima el-Mahroug, kjend som «Hjarteknusaren Ruby». Ho skal ha vore på besøk i villaen til Berlusconi i Milano, under ein såkalla «bunga bunga-festar».

Ifølgje påtalemakta var festane arrangerte av Nicole Minetti, som er ein tidlegare tannpleiar som seinare vart ein «showgirl» på italiensk fjernsyn. Minetti, som også er tiltalt for prostitusjon med den tidlegare statsministeren, fekk betalt over 400.000 kroner av Berlusconi i løpet av oktober og november.

Resten av pengane, rundt 550.000, betalte Berlusconi til tvillingane Eleonora og Imma de Vivo. Dei er to modellar som jevnleg har figurert i italienske realityshow, og som også var på festen til Berlusconi.

Ein annan gjest har fortalt styresmaktene at ho såg at Vivo-tvillingane danse rundt Berlusconi i berre undertøyet. Berlusconi «tok på jentene sine intime kroppsdelar, og dei tok på han», har ho sagt.

Berlusconi sin advokat, Niccolò Ghedini, har innrømma at pengane var overført til Minetti og Vivos-tvillingane, men nekta for at det var meint for å få dei til å endre forklaring.

– Koplinga med betalinga og det faktum at dei vitnar i den såkalla Ruby-saka er absolutt innbilt og heilt utan dekning, seier Ghedini.

SISTE NYTT

Siste nytt