Hopp til innhold

Tunisisk eks-presidentpar dømde in absentia

Ein tunisisk domstol har dømd tidlegare president Zine el Abidine Ben Ali og kona hans til 35 års fengsel in absentia.

Zine El Abidine Ben Ali og kona Leila under valgkampen i Tunisia

Zine El Abidine Ben Ali og kona Leila medan dei enno var presidentpar i Tunisia.

Foto: FETHI BELAID / AFP

Dei to er funne skuldige i tjuveri og å ha ulovleg skaffa seg store pengesummar og juvelar. Dette er første del av dommen, resten kjem 30 juni, opplyser ein talsmann for domstolen.

Tiltalepunkta ekteparet fekk dom for i dag gjaldt urettmessig å ha skaffa seg pengar og luksusgjenstandar. Dei andre tiltalepunkta gjeld blant anna innehav av narkotika og illegale våpen.

Domstolen krev at dei betalar tilbake over 300 millionar kroner til den tunisiske statskassa.

Ekteparet Ben Ali oppheld seg i eksil i Saudi-Arabia. Dei reiste frå Tunisia i januar i år etter eit folkeleg opprør.

Ekteparet Ben Ali vart skulda for å ha rana til seg enorme rikdomar i presidentperioden, og i tillegg vekte det harme at familiemedlemer til Leila Ben Ali tente seg styrtrike på offentlege oppdrag.

I eit intervju før rettssaka sa Ben Ali blant anna at han framleis er den rettmessige presidenten i Tunisia .

LES OGSÅ: Ben Ali: Anklagene er løgn

LES OGSÅ: Ben Ali for retten i Tunisia

LES OGSÅ: Ben Ali tiltales for konspirasjon


SISTE NYTT

Siste nytt