Hopp til innhold

Ballongfeiden i Korea: Kim Jong-uns søster åtvarar om ein «farleg situasjon»

Spenninga mellom Sør- og Nord-Korea tar seg opp. Det byrja med ballongar, og koreanske styrker skaut varselskot då nordkoreanske soldatar tok seg over grensa.

Ballong frå Nord-Korea i Sør-Korea

LUFTIG: Hundrevis av slike ballongar skal ha blitt sendt over grensa frå Nord-Korea til naboane i sør. Forholdet mellom dei to landa er spent.

Foto: Reuters

Det kan ha vore tilfeldig at nordkoreanske soldatar kom over på sørkoreansk side av grensa denne veka, men det kan også ha vore ei åtvaring.

– Me trur ikkje at dei meinte å trå over, for dei gjekk umiddelbart nordover etter varselskot og åtvaringar over høgtalarane. Det seier Lee Sung-joon, som er talsperson for det sørkoreanske forsvaret.

Terrenget på grensa har nemleg grodd igjen etter at dei to landa i 2018 blei samde om å stenga ned propagandahøgtalarar og minska den fysiske bevakninga i det sterkt militariserte området.

Kryssinga av grensa kan likevel vere ei åtvaring frå nord.

Søstera til Kim Jong-un har nemleg lova fleire reaksjonar om Sør-Korea ikkje stansar sine provokasjonar.

– Det kan vere ein del av Kim Yo Jong si førebuing på det ho har kalla nye mottiltak, seier Lee Sung-joon.

Ballongkrig

Nord-Korea har dei siste vekene sendt fleire enn eitt tusen heliumballongar fulle av møkk, toalettpapir og søppel til naboane i sør.

Det har dei gjort for å få slutt på straumen av sørkoreansk propaganda som kjem luftvegen over grensa til nord.

Innhaldet i dei nordkoreanske ballongane er blitt grundig undersøkt, men det har så langt ikkje dukka opp noko farleg materiale.

Sist veke varsla Nord-Korea ei stans i ballongkrigen, om sørkoreanarane hadde lært leksa si, men lova å halda fram om nabolandet ikkje avslutta sin propaganda.

Det slutta ikkje med det.

– Farleg forspill

Sør-Korea skrudde på propaganda-høgtalarane mot nord, som har vore avstengde sidan 2018.

South Korean soldiers wearing protective gears check the trash from a balloon presumably sent by North Korea, in Incheon, South Korea, Sunday, June 2, 2024. North Korea launched hundreds of more trash-carrying balloons toward the South after a similar campaign a few days earlier, according to South Korea’s military, in what Pyongyang calls retaliation for activists flying anti-North Korean leaflets across the border. (Im Sun-suk/Yonhap via AP)
Vis mer

Sør-koreanske militærtilsette leitar i søppel som skal ha blitt sendt over grensa frå Nord-Korea med ballongar.

Foto: Im Sun-suk/Yonhap / AP

I tillegg har frivillige organisasjonar sendt eigne ballongar, med mat, internasjonale nyheiter og minnepinnar med K-pop og K-drama.

No har Kim Jong-uns søster, Kim Yo-jong, altså fått nok. Ho åtvarar nabolandet mot å sette i gang fleire motaksjonar.

– Dette er eit forspill til ein veldig farleg situasjon, sa Kim Yo-jong i ei offentleg utsegn søndag kveld.

I tillegg til å vera søstera til Nord-Koreas leiar Kim Jong-un, er ho ein av dei mest innflytelsesrike politiske personane i landet.

– Om ROK held fram med å senda brosjyrar samtidig som dei kringkastar provokasjonar på høgtalarar over grensa, vil dei utvilsamt vera vitne til nye motreaksjonar frå DPRK, sa Kim Yo-jong søndag, ifølge Reuters.

FILE PHOTO: Kim Yo Jong, sister of North Korea's leader Kim Jong Un attends wreath laying ceremony at Ho Chi Minh Mausoleum in Hanoi

ÅTVARAR: Kim Jong-uns søster, Kim Yo-jong, er ein innflytelsesrik politikar i Nord-Korea. Ho har fått nok av propagandaen frå Sør-Korea.

Foto: JORGE SILVA / Reuters

Negativ spiral

Den negative spiralen er i gang igjen.

Forholdet mellom Nord- og Sør-Korea er fjernt frå Solskinnspolitikken som tidlegare president Kim Dae Jung fekk Nobels fredspris for i år 2000.

Glimtet av lys som førte til at Nord-Korea blei invitert til Dei olympiske leikane i Pyeongchang i Sør-Korea i 2018 er også borte.

Same år skapte toppmøtet mellom den amerikanske presidenten Donald Trump og Nord-Koreas leder Kim Jong-un begeistring i Singapore.

Den tilsynelatande gode tonen mellom dei to enda i grus på det siste toppmøtet mellom dei to i Vietnam.

No er avtala frå 2018 om avspenning på den sterkt vakta grensa, også i praksis skrinlagt, etter at Sør-Korea skrudde på propagandahøgtalarane igjen.

Etter at den konservative sørkoreanske presidenten Yoon Suk-yeol kom til makta i 2022 har tonen mot nabolandet blitt skarp, og militæralliansen med USA og Japan er blitt styrka.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un vraka i januar i år målet om gjenforeining med sør og ypper mot verda utanfor med stadig nye testing av våpen og rakettoppskytingar.

FILE - A worker dismantles loudspeakers that set up for propaganda broadcasts near the demilitarized zone separating the two Koreas in Paju, South Korea, on May 1, 2018. South Korea announced Sunday, June 9, 2024 it would resume anti-North Korean propaganda loudspeaker broadcasts in border areas in retaliation to the North sending over 1,000 balloons filled with trash and manure over the last couple of weeks. (Kim Hong-Ji/Pool Photo via AP, File)
Vis mer

Frå store høgtalar, som desse, spelar Sør-Korea høg musikk over grensa og inn i Nord-Korea.

Foto: Kim Hong-Ji / AP

Gamal teknikk

Militæret i Sør-Korea har sagt at høgtalarane på grensa vil stå på, så lenge naboane held fram med å senda ballongar over grensa.

Dei har sett teikn på at Nord-Korea set opp eigne høgtalarar ved grensa, men desse skal førebels ikkje ha blitt brukt.

Måndag blei det ikkje observert nokre ballongar, verken frå sør eller nord.

I Sør-Korea har det den siste uken fløyet inn flere hundre ballonger fylt med søppel og avføring. Myndighetene i Sør-Korea reagerer alvorlig på det, og beskriver ballongene som farlige.

I Sør-Korea har det den siste veka flogen inn fleire hundre ballongar fylt med søppel og avføring. Styresmaktene i Sør-Korea reagerer alvorleg på det, og beskriv ballongane som farlege.

At dei to naboane sender ballongar over grensene er langt frå nytt, sjølv om teknikken har vore lite brukt dei siste åra.

Allereie ved Koreakrigen på 50-talet sende ein ballongar mellom sør og nord, som oftast med propaganda og informasjon om krigen.

På 50-talet var det i hovudsak militære og styresmaktene som sende ballongane av garde.

Nord-Korea sender ballonger med avføring over grensen til Sør-Korea

Slike ballongar har blitt sendt over grensa til Sør-Korea dei siste vekene.

Foto: South Korean Defence Ministry / AFP

I seinare år har ulike organisasjonar brukt teknikken for å spreie informasjon til nabolandet.

I 2020 gjorde Sør-Korea det ulovleg å senda brosjyrar med propaganda over grensa, både i ballongar og flaskepost, men forbodet vart seinare oppheva av høgsteretten i landet.

Her kan du høyre Urix:

SISTE NYTT

Siste nytt