Ein talsmann for det egyptiske innanriksdeartementet seier at 22 personar er med i ei nystarta gruppe som har planlagt angrep mot turistmål, mot ein gassrøyrleidning og mot kristne og muslimske leiarar. Dei skal blant anna ha hatt planar om angrep på unge egyptarar som arbeider i turistindustrien.
Leiaren for gruppa, den 26 år gamle studenten Ahmed Mohamed Ali Gabr, skal vere blant dei arresterte. Han er kjend under kallenamnet Abu Musab, og saman med ein nær medarbeidar skal han ha lasta ned opplysningar om framstilling av bomber og giftgass frå Internett.
- Medlemene i gruppa vedkjenner seg til ei ekstrem form for islam basert på heilag krig jihad. Dei forkynner at dei som er usamde med dei ikkje kan vere rette muslimar, seier talsmannen.
Han legg til at ideane til gruppa ligg langt frå ekte islam, og at dei har feilslåtte og perverse forklaringar på det som skjer i verda, både regionalt i Midtausten og i resten av verda.
Ei islamistisk gruppe gjennomførte fleire sjølvmordsaksjonar mot turistbyen Sjarm el Sheikh i juli i fjor, og minst 67 menneske vart drepne. Dei som stod bak var også ekstreme islamistar.