Hopp til innhold

Australia: Statsministeren drog på ferie til Hawaii midt i brannkrisa

Statsministeren i Australia, Scott Morrison, ber om orsaking etter at han reiste på familieferie til Hawaii samtidig som landet kjempar mot tørke og store skogbrannar. To brannmenn er døde.

Statsminister Scott Morrison avbraut ferien på Hawaii fredag etter å ha møtt ein storm av kritikk.

Morrison sa seg lei for at han drog på ferie med familien samtidig som to frivillige brannmenn døydde då dei var på veg for å sløkkje skogbrannar ved Buxton i delstaten New South Wales.

Brannmennene omkom då bilen dei køyrde trefte eit tre og rulla ut av vegen. Tre brannmenn blei skadde, melder brannvesenet i New South Wales.

Skogbrannar i Australia

Brannvesenet i delstaten New South Wales kjempar mot rundt hundre skogbrannar. Torsdag kveld døydde to frivillige brannmenn då dei var på veg for å ta opp kampen mot ein brann nær byen Buxton.

Foto: Dean Lewins / DEAN LEWINS

41,9 grader og unntakstilstand

New South Wales er den mest folkerike staten i Australia. Her er det innført unntakstilstand på grunn av ekstrem varme og ei hetebølgje som berre gjer skogbrannane verre.

Onsdag hadde Australia den varmaste dagen som nokon gong er registrert i landet, med 40,9 grader. Dette var gjennomsnittet av dei høgaste temperaturane i heile landet denne dagen. Fleire stader var temperaturen over 45 grader.

Og torsdag var gjennomsnittstemperaturen oppe i 41,9 grader.

Fredag registrerte delstaten Victoria den høgaste desember-temperaturen nokon gong, med 47,4 grader i byen Hopetoun.

I New South Wales er eit område på meir enn 20.000 kvadratkilometer øydelagt, og røyken ligg som eit teppe over millionbyen Sydney.

yuNULLbQkQM

Medlemmer i Horsley Park Rural Fire Brigade sørgjer over dei frivillige brannmennene Andrew O'Dwyer (36) og Geoffrey Keaton (32) som omkom då dei var på veg for å ta opp kampen mot nok ein omfattande skogbrann.

Foto: STRINGER

Under kraftig press

Presset på Morrison har auka i løpet av veka. Kritikken har hagla mot ein statsminister som valde å nyte late feriedagar i eit stillehavsparadis samtidig som tusenvis av frivillige kjempa mot fleire hundre brannar.

– Eg er lei meg for dei følgjene dette har fått for dei mange australiarane som har vore råka av dei forferdelege brannane, sa Morrison fredag.

Han la til at han vil returnere til Australia så raskt som mogeleg. Og på statsministeren sine nettsider blei det lagt ut ein kondolanse til familiane til dei to som omkom.

Kritikken mot ein fråverande statsminister har komme til uttrykk både gjennom protestar i gatene og ein storm av sinte innlegg i sosiale medium, med emneknaggar som #WhereisScoMo, #WhereTheBloodyHellAreYou og #FireMorrison

Situasjonen blei forverra av at statsministerens kontor i utgangspunktet nekta å opplyse kvar statsministeren var.

– Vi har sett ein fundamental mangel på leiarskap, og det er ei skam, seier Leighton Drury, som er leiar for brannfolka si fagforeining.

CfhM8szIVEY

Statsminister Scott Morrison talar i parlamentet i Canberra.

Foto: Rod McGuirk / AP

Brannane spreier seg

Det brenn langs nesten heile austkysten av Australia. Berre i New South Wales er det rundt 100 brannar. I løpet av fredagen har brannane spreidd seg lenger sørover, og brannmannskapa åtvarar mot «svært farlege forhold» ved Adelaide.

Det er vanleg med skogbrannar i Australia på denne tida av året. Men i år har dei starta tidlegare enn vanleg, dei har vart lenger, og vore meir intense.

Ifølgje forskarar skuldast dette langvarig tørke som følgje av global oppvarming. Mange meiner statsminister Morrison ikkje har gjort nok for å handtere følgjene av klimaendringane. Fleire tusen menneske har protestert i gatene i Sydney.

Førre veke sa Morrison at klimaendringane er ein av faktorane som er åsak til brannane. Samtidig forsvarte han regjeringa sin utsleppspolitikk.

SISTE NYTT

Siste nytt