Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi møtte juntaen

Fredsprisvinnaren Aung San Suu Kyi møtte i dag ein representant for militærjuntaen i Burma. Det er uklart om det kom noko ut av møtet.

Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi fotografert i Rangoon i november i år.

Foto: Khin Maung Win / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Slakter Bondeviks bok om Suu Kyi

LES OGSÅ: Burma avviste Suu Kyis anke

LES OGSÅ: USA vil samtale med Burma

LES OGSÅ: Burma godtar Suu Kyi-anke

Gryande dialog

64 år gamle Aung San Suu Kyi, som fekk Nobels fredspris i 1991, møtte ein liaison-offiser frå militærjuntaen i regjeringa sitt gjestehus i hovudstaden Rangon, opplyser ein talsmann for styresmaktene i Burma til det franske nyheitsbyrået AFP. Han vil ikkje seie noko om kva som vart diskutert på møtet.

Møtet heldt på i 45 minutt, og er det siste teiknet på at ein gryande dialog mellom militærjuntaen og opposisjonen.

Aung San Suu Kyi har vore i husarrest i 14 av dei siste 20 åra. I august vart ho dømd til 18 nye månader i husarrest, etter at ein amerikansk aktivist greidde å ta seg fram til huset hennar.

Møtet i dag var det tredje i mellom Aung San Suu Kyi og dei militære makthavarane sidan byrjinga av oktober, etter at høgsterett avgjorde at ho skulle få fremje ei ny ankesak om den gjeldande husarresten.

I husarrest

Juntaleder Than Shwe

Leiaren for militærjuntaen i Burma, general Than Shwe.

Foto: David Longstreath / AP

Partiet til Aung San Suu Kyi vann ein klar siger ved parlamentsvalet i Burma i 1990, det siste demokratiske valet i landet. Men dei militære nekta å godta valsigeren, og dei siste 14 åra har ho vorte halden i husarrest i heimen sidan utanfor Rangoon.

I september i år sende Aung San Suu Kyi eit brev til leiaren for militærjuntaen, general Than Shwe, der ho tilbaud seg å hjelpe til med å få bort dei internasjonale sanksjonane mot Burma.

Men juntaen meiner at det var Suu Kyi som i si tid oppmoda andre land om å innføre sanksjonar, og statlege aviser har skulda henne for å drive «ein uærleg kampanje» mot Burma. Avisa viser til at ho har prøvd å påverke politikken i Burma ved å bevisst å bruke utanlandsk presse.

Den amerikanske diplomaten Scott Marciel seier til AFP at så vidt han kjenner til, er det ikkje gjort framsteg under samtalane mellom Aung San Suu Kyi og militærjuntaen.

SISTE NYTT

Siste nytt