Hopp til innhold

Auka spenning etter fleire drap i Jerusalem og på Vestbreidda

– Det har ligge ein frustrasjon under overflata i Jerusalem lenge. Det minner veldig om det vi såg i fjor sommar før Gaza-krigen braut laus, seier utanriksmedarbeidar Sidsel Wold.

Palestinarar kastar stein på israelske soldatar i Hebron

OPPTØYAR: Ein palestinar kastar stein på israelske styrker i Hebron på Vestbreidda.

Foto: MUSSA ISSA QAWASMA / Reuters

Måndag vart ein 13 år gamal palestinsk gut skoten og drepen av israelske soldatar i opptøyar ved ein flyktningleir nær Betlehem, opplyser palestinske politikjelder og ein lege til nyheitsbyrået AFP.

Dersom opplysningane stemmer, er to palestinske tenåringar drepne av det israelske militæret i løpet av 24 timar. Dei valdelege samanstøytane eskalerte etter at israelsk politi søndag morgon bestemte seg for å stengje gamlebyen i Jerusalem for palestinarar i to dagar.

– Når ein av palestinarane sine mest heilage stader vert stengd av for dei, vert det eit veldig sinne. Her ser vi ei blanding av politikk, religion og frustrasjon over mangelen på håp, seier utanriksmedarbeidar Sidsel Wold.

Det siste i ei rekkje samanstøyt

Det var etter at to israelarar vart drepne av ein palestinsk tenåring i Gamlebyen i Jerusalem laurdag kveld at israelsk politi bestemte seg for å nekte alle palestinarar tilgang.

Opptøyar braut då ut både i Aust-Jerusalem og på Vestbreidda, og i løpet av søndagen vart det meldt om hundrevis av såra palestinarar etter at israelske tryggleiksstyrker hadde brukt tåregass og gummidekte stålkuler. Palestinarane melder også om angrep frå dei israelske busetjarane i området, skriv Haarez.

Huthaifa Suleiman (18) vart skoten ved Tulkarm-grensesperringa for å ha kasta brannbomber, og døydde seinare av skadane, ifølge al-Jazeera.

I tillegg vert det meldt om at Israel måndag morgon skaut rakettar mot Hamas-installasjonar nord på Gaza-stripa, etter at to rakettar vart skote ut frå Gaza-stripa søndag.

Spenninga har vore høg den siste tida i samband med religiøse høgtider for både muslimar og jødar. Det har vore fleire samanstøyt mellom israelsk politi og palestinarar ved al-Aqsa-moskeen, ein av dei heilagaste stadane for muslimar, og Tempelhøgda der moskeen ligg er også heilag for jødane.

Israel lovar nye tiltak etter opptøyane

I ein tale etter eit møte med forsvarsdepartementet søndag kveld varsla statsminister Benjamin Netanyahu nye tiltak for å nedkjempe palestinsk terror.

Benjamin Netanyahu

LOVAR NYE TILTAK: Benjamin Netanyahu kom søndag heim frå FN-møtet i New York og varsla opptrapping i tiltaka mot det han omtaler som palestinsk terrorisme.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

– Dette inkluderer å setje opp farta i å øydelegge terroristane sine heimar, sa han ifølge NDTV.

No kan tryggleikssamarbeidet mellom israelsk og palestinsk etterretning stå i fare for å ryke, trur Wold.

– Palestinarane har sagt at dei er med på dette samarbeidet så lenge dei har utsikter til ein eigen stat, men det er det jo ingen som trur på lenger. Ei fersk meiningsmåling viser at åtti prosent av palestinarane ikkje trur at dei vil få nokon palestinsk stat i næraste framtid.

I førre veke annonserte den palestinske presidenten Mahmoud Abbas at dei ikkje lenger ser seg forplikta av Oslo-avtala.

SISTE NYTT

Siste nytt