Hopp til innhold

Auka press på Kinas kristne kastar skuggar over julefeiringa

Juleforbod i ein by og 160 arresterte kristne i éi kyrkje i desember. Kina strammar grepet om religiøse.

Kinesisk prest kler seg i svart for å støtte undergrunnskyrkjer

Ein kinesisk prest og fleire kyrkjemedlemar kledde seg i svart i jula for å støtte andre undergrunnskyrkjelydar som blir forfølgd av styresmaktene.

Foto: Philip Fong / AFP

Kristendom er i stor vekst i Kina, men det er også kontrollbehovet til styresmaktene i landet.

Denne jula la forbod mot juletre, dekorasjonar og julenissekostyme ein dempar på julefeiringa i byen Langfang i Hebei-provinsen sør for Beijing.

Ifølgje den statlege, kinesiske nettsida Global Times, var årsaka at styresmaktene ønska «reine bymiljø» for å vinne ein pris som går til dei finaste byane, og derfor ville ha bort julebuer frå gater og kjøpesenter.

Statleg kontroll

I Kina er kinesisk buddhisme, islam, katolisisme, protestantisme og taoisme statleg godkjente religionar.

Kristendom er i særleg vekst, og Kina er på veg til å bli verdas største kristne land.

Menneskerettsorganisasjonen Freedom House anslår at 350 millionar er religiøse i Kina, og at 72–92 millionar av dei er kristne.

Samstundes vil styresmaktene ha kontroll med gudstenester og religiøs aktivitet, og peikar ut religiøse leiarar og vedtek stader der religiøse bygg kan stå.

Dei som ikkje vil slutte seg til statleg kontrollerte kyrkjesamfunn, blir definert som «uregistrerte» forsamlingar og undergrunnskyrkjer.

Det er dei uregistrerte kyrkjene som opplever undertrykking frå styresmaktene.

160 arresterte

9. og 10. desember blei over 100 kristne arrestert i ein av dei største regionale undergrunnskyrkjene i Sichuan-provinsen, Early Rain Covenant Church, og kyrkjelokalet stengt.

17. desember vart ytterlegare 60 medlemar arresterte då dei prøvde å samle seg i ein park, ifølgje den kristne nettstaden World News.

Fleire skal ha blitt utsett for vald eller blitt pålagt bøter. Pastoren Wang Yi vart arrestert fordi han «egga til underminering av statleg makt».

Sjølv skriv han i ei fråsegn at han respekterer kommunistregimet, men han reagerer sterkt på forfølginga av religiøse, ifølgje den amerikanske kristne menneskerettsorganisasjon ChinaAid.

Tidligere president George W. Bush møtte Wang Li i 2006

Tidlegare president George W. Bush tok i mot den kristne aktivisten Wang Yi og andre i Det kvite hus i 2006.

Foto: Ho / Reuters

– Nådelause åtak på religionsfridomen

Kinesiske styresmakter har ikkje svara på CNNs utfordring om å kommentere hendinga.

– Stenginga av ei protestantisk kyrkje i Sichuan illustrerer Xi Jinping-statens nådelause åtak på religionsfridomen i Kina, seier Kina-forskar Yaqui Wang til Human Rights Watch.

Menneskerettsorganisasjonen har bede Kina om umiddelbart å lauslate kyrkja sine leiarar og la kyrkja få samle seg til gudstenester att.

– Arrestasjonane er ein hån mot regjeringas påstand om at ho respekterer religiøs tru, seier Yaqui.

– Ny tid med undertrykking

Hendinga toppar eit år der kinesiske styresmakter har auka presset på religion.

Særleg protestantiske kyrkjer har blitt rive fordi dei skal ha blitt bygd eller drive ulovleg, skriv CNN.

Ei øydelagd huskyrkje i Kina

Bildet frå 3. juni viser ei øydelagd huskyrkje i byen Zhengzhou i Henan-provinsen sentralt i Kina.

Foto: Ng Han Guan / AP

I desember møtte 60 politifolk opp til ein bibeltime i ei kyrkje med over 5000 medlemar i storbyen Guangzhou. Kyrkja vart stengd og mobiltelefonar og bøker vart konfiskert, ifølgje den katolske nettstaden Asia News.

I Xinjiang-provinsen er det auka undertrykking av den muslimske minoriteten uigurar. Det har skapt internasjonale protestar.

Den nyreligiøse Falun Gong-rørsla har vore forbode sidan 1999. Mange medlemmer av gruppa har hevda at dei har vore utsett for organhausting, noko kinesiske styresmakter nektar for.

– Vi går inn i ei ny tid med undertrykking av to av Kinas fem religionar som er annleis enn det vi har sett dei siste 40 åra, seier Ian Johnson.

Han er ein Pulitzer-prisvinnande journalist og forfattar av boka «The Souls of China: The Return of Religion After Mao».

Kinas undertrykking av religiøse samfunn handlar meir om Kinas høve til å kontrollere religion enn om fiendskap mot religion i seg sjølv, ifølgje Johnson.

Statleg kontroll

Det ateistiske kommunistpartiet som har makta i Kina grunngjev dei mange restriksjonane på religiøse samfunn med at utanlandske religionar har blitt «kontrollert og utnytta av kolonistar og imperialistar», ifølgje ei offentleg utgreiing.

– Det trass i at begge religionar har slått rot i Kina, seier Johnson til CNN.

For katolikkane har det ført til konflikt med Vatikanet at det ikkje er paven som står for utpeikinga av katolske leiarar i den kinesiske kyrkja.

No er dei likevel på talefot og kom i september til ei løysing der Vatikanet og Kina peikar ut leiarar saman, noko som har vakt reaksjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt