Hopp til innhold

Åtte born drepne i Afghanistan

Minst åtte born vart drepne i fem koordinerte bombeeksplosjonar i Kandahar i det sørlege Afghanistan i kveld.

Bombeeksplosjon i Kandahar i Afghanistan

Slektningar har samla seg rundt eitt av offera for bombeeksplosjonen i Kandahar.

Foto: Allauddin Khan / Ap

Dei såra vart tekne til ulike sjukehus i Kandahar.

Ein såra mann blir teken hand om på eit sjukehus i Kandahar.

Foto: Allauddin Khan / Ap

Fem bomber gjekk av rett etter kvarandre. Også ein politimann vart drepen, og over 20 menneske er såra.

Målet for bombene var ein konvoi med politikøyretøy som køyrde gjennom byen, men som vanleg ved slike angrep var dei fleste offera sivile.

Ein talsmann for dei lokale styresmaktene seier til nyheitsbyrået AFP at bombene var plasserte ved vegen i eit travelt gatekryss i den sørlege bydelen Dura-e-Panjwayi, rundt fem kilometer frå sentrum av Kandahar.

Folk som strøymde til etter den første eksplosjonen, vart offer for dei seinare eksplosjonane. Lokale radio- og fjernsynskanalar gjekk ut med oppmoding om til folk om å gi blod, og mange melde seg ved dei ulike sjukehusa.

Politiet seier at angrepet er utført av «fiendar av Afghanistan», eit uttrykk som blir brukt om Taliban.

Også i går var det bombeangrep i den strategisk viktige byen Kandahar, som tidlegare var hovudmaktbasen for Taliban. Då vart fire menneske drepne og 11 såra i eit angrep mot ein politikonvoi i Kandahar. Også då var dei fleste offera sivile.

Sjukehusa vart fylde opp av såra etter eksplosjonen.

Sjukehusa vart fylde opp av såra etter eksplosjonen.

Foto: Allauddin Khan / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt