For første gong sidan forbrukarboikotten mot danske varer starta i Saudi-Arabia for ei veke sidan, kommenterer no toppsjefen i Arla Foods, Peder Tuborgh, reaksjonane i Midt-Austen.
Bønfalle
- Eg vil på det sterkaste bønfalle regjeringa om å få i stand ein positiv dialog med dei mange millionane av muslimar som kjenner seg krenkte av Danmark, seier Tuborgh til Politikens nettavis.
Han meiner den einaste vegen fram til ei løysing er at den danske regjeringa kjem i dialog med det muslimske samfunnet om dei omstridde teikningane av profeten Muhammed som stod på trykk i avisa Jyllands-Posten.
- Annan dimensjon
- Ytringsfridom er i røynda eit innternt dansk forhold, som for så vidt kan vere ein spennande diskusjon.
Men dette har ein heilt annan dimensjon, det er der ingen tvil om. Og eg er ikkje sikker på om vi i tide har oppfatta omfanget her heime, seier Tuborgh.
- Det handlar om at Danmark kan ha krenkt millionar av muslimar. Muslimane er i alle fall ikkje i tvil om at dei kjenner seg krenkte, legg han til.
Politisk handverk
På spørsmål om kva konkret han vil regjeringa skal gjere, svarar Tuborgh at han verken kan eller vil seie noko om dette.
- Det er eit stykke politisk handverk som ein må finne ut av, seier han.