Hopp til innhold

Argentina tok farvel med Kirchner

Tusenvis av argentinarar møtte torsdag fram ved båra til ekspresident Nestor Kirchner (60), for å ta eit siste farvel med mannen som mange meiner redda landet frå økonomisk undergang.

Gravferda til Nestor Kirchner

Det var ei sørgjande Cristina Fernandez Kirchner som torsdag kom til presidentpalasset for å ta avskjed med ektemannen Nestor Kirchner. Kirchner døydde brått av eit hjerteinfarkt onsdag denne veka.

Foto: HO / Afp

Gravferda gjekk føre seg i presidentpalasset i sentrum av hovudstaden Buenos Aires. Framfor palasset danna det seg ein kilometerlang kø av menneske som ønskte å ta farvel med den tidlegare presidenten, og visa støtte til kvinna som no leier landet.

Kirchner, som var president i Argentina frå 2003 til 2007, døydde av eit hjarteinfarkt onsdag, 60 år gamal.

Sørgjande president

Ifølgje den argentinske avisa Clarín, var togna absolutt då president Cristina Fernandez Kirchner gjekk sørgjande fram og la handa på kista til ektemannen.

Kledd i svart og med store mørke solbriller var ho tilstades saman med parets to

President Cristina Kirchner og Diego Maradona

President Cristina Kirchner og fotballegende Diego Maradona i gravferda til Nestor Kirchner.

Foto: Ap

vaksne born, Maximo og Florencia.

Blant dei oppmøtte var også fotballegenda Diego Maradona og ei rekkje latinamerikanske leiarar: Evo Morales (Bolivia), Rafael Correa (Ecuador), José Mujica og Sebastián Piñera (Chile)

Saman med kona si var Nestor Kirchner den mektigaste politikaren i Argentina. Han skulle ha stilt som presidentkandidat ved valet i 2011.

SISTE NYTT

Siste nytt