Hopp til innhold

Ankedomstol lèt Trump bruke forsvarsbudsjett til Mexico-mur

Ein ankedomstol oppheva torsdag forbodet mot å la president Donald Trump bruke 3,6 milliardar dollar av forsvarsbudsjettet til å bygge ein mur langs grensa til Mexico.

Grensemur langs den meksikanske grensen i Donna i texas i november 2017

KLARSIGNAL: President Donald Trump har fått grønt lys av ein ankedomstol til å bruke delar av forsvarsbudsjettet til å bygge muren han lova langs grensa til Mexico. Bildet frå november i fjor viser grenseelement ved Donna i Texas.

Foto: Eric Gay / AP

No kan dermed presidenten gå i gang med bygginga, skriv Daily Mail.

– Dette er ein siger for rettsstaten. Vi er opptatt av å halde grensene våre trygge, og vi vil fullføre muren, heiter det i ei fråsegn frå Det kvite hus.

Avgjerda kjem etter at ein domstol i El Paso i Texas i desember vedtok at Trump ikkje kunne bruke forsvarsbudsjettet.

3,6 milliardar dollar tilsvarar 32 milliardar norske kroner.

Presidenten har kjempa ein lang kamp for å få pengar til sin lenge lova mur som han vil bygge langs USAs grense mot Mexico. Muren skal hindre smugling og ulovleg innvandring.

I februar i fjor erklærte Trump ei nasjonal tryggingskrise langs grensa.

Med nasjonal krisetilstand meinte Trump han hadde myndigheit til å ta pengane han trungne frå andre delar av statsbudsjettet, utan Kongressens grunnlovsfesta godkjenning til å løyve pengar.

Den såkalla shutdownen enda i februar då det vart underteikna ein avtale som gav 1,4 milliardar dollar til grensekontroll, men ikkje noko til muren Trump ville bygge.

Frå før har USAs høgsterett godkjent ei Pentagon-løyving på 2,5 milliardar dollar.

Grensen mellom USA og Mexico

DAGENS GRENSEGJERDE: Ein bil frå USAs grensepoliti patruljerer grensa mellom USA og Mexico i New Mexico. Trump ønsker å bygge ein mur langs heile den 3000 kilometer lange grensa.

Foto: Russell Contreras / Ap