NRK Meny
Normal

Ankar frikjenninga av Amanda Knox

Den italienske påtalemakta vil anke frikjenninga av den amerikanske studenten Amanda Knox til Høgsterett.

Video Amanda Knox takket for støtten

Amanda Knox takka vener og familie for støtte då ho kom tilbake til USA etter frifinninga i fjor haust.

Foto: Nyhetsspiller

Meredith Kercher

Meredith Kercher vart funnen drepen i husværet ho delte med Amanda Knox i universitetsbyen Perugia.

Foto: Scanpix/AP

Ein talsmann for påtalemakta i den italienske byen Perugia sa i dag at dei er overtydde om at Amanda Knox og den tidlegare italienske kjærasten hennar, Raffaele Sllecito, var skuldige i drapet på britiske Meredith Kercher i Perugia i 2007.

Sex og narkotika

Amanda Knox og Meredith Kercher delte husvære i universitetsbyen. Påtalemakta meiner at drapet skjedde under ein sexleik, og at alle var påverka av narkotika. Knox og Sellecito er tidlegare dømde for drapet, men dei vart begge frikjende i ein ankedomstol i fjor haust etter å ha vore fengsla i fire år.

Ein mann frå Elfenbeinskysten, Rudy Guede, vart dømd for drapet.

LES OGSÅ: Knox takket for støtten etter frifinnelsen

LES OGSÅ: Amanda Knox på vei hjem til USA

– Ei stygg historie

Raffaele Sollecito

Raffaele Sollecito vart også frifunnen av ankedomstolen.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Amanda Knox har gjennom den italienske advokaten sin, Carlo Dall Vedova, gitt denne kommentaren til anken.

– Det er ei stygg historie, full av sorg, og som ikkje burde ha vore opna igjen.

Raffaele Sollecito hadde overfor det italienske nyheitsbyrået ANSA denne korte kommentaren: – Eg har vore gjennom fire år med helvete.

Amanda Knox reiste heim til Seattle i USA etter frikjenninga. Det er høgst usikkert om USA vil utlevere 24-åringen for ei eventuell ny rettssak.

Frikjenninga av Knox og Sollecito var eit stor nederlag for det italienske rettssystemet.

LES OGSÅ: Nå venter underholdningsbransjen på Amanda Knox

LES OGSÅ: «Foxy Knoxy» frikjent

Uavhengig etterforsking

Dei to vart frifunne etter at uavhengige etterforskarar kom med skarp kritikk av dei tekniske bevisa politiet hadde lagt fram i saka. Det vart blant anna sagt at bevismaterialet ikkje var til å stole på.

Liket av Meredith Kercher vart funne i husværet ho delte med Amanda Knox. Ho hadde over 40 sår på kroppen og ei djup flengje i strupen.

I dette huset ble Meredith Kercher funnet drept

Det var i dette huset i Perugia at Meredith Kercher vart funnen drepen i 2007.

Foto: Stefano Medici / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Amanda Knox dømt for drap

LES OGSÅ: -Torturerte og drepte romvenninne

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt