Hopp til innhold

Amy Winehouse som fugleskremsel

Amy Winehouse gjer stor suksess i Norfolk i England - som fugleskremsel.

Faksimile av oppslaget på annanova.com

Faksimile av oppslaget på annanova.com

Bonden Marlon Brooks visste ikkje si arme råd. Duer og andre fuglar åt opp avlinga hans av sukkerroer, same kor nifse fugleskremsel han sette opp.

Ingenting hjelpte, og ein kveld på puben la han fram problemet for kameratane sine.

Då var det ein av karane som slo frampå om at Amy Winehouse var det mest skremmande han kunne tenkje seg.

Amy Winehouse på Glastonburyfestivalen 28. juni 2008.

Amy Winehouse på Glastonburyfestivalen 28. juni i år.

Foto: BEN STANSALL / AFP

Dermed var ideen fødd, og den 36 år gamle sukkerdyrkaren gjekk i gang i arbeidsrommet med eit bilete av den vidgjetne soulsongaren Amy Winehouse som modell.

Den ferdige modellen viser ei Amy Winehouse i ein trang kjole, med kroppen full av tatoveringar, og med ein sigarett i eine handa og ei flaske brennevin i den andre.

- Dette er det beste fugleskremselet eg nokon gong har hatt. Fuglane blir sitjande på telefontrådane som går forbi, og dei torer seg ikkje ned i åkeren. Det er brilliant, seier Marlon Brooks.

No vurderer han å følgje opp, og lage eit fugleskremsel av skandalerockaren Pete Doherty og av Amy Winehouse sin fengsla ektemann Blake Fielder-Civil.

- Dei er temmeleg nifse begge to, men eg tvilar på at dei greier å konkurrere med Amy, seier han.

Amy Winehouse sjølv har ikkje kommentert saka.

SISTE NYTT

Siste nytt